nyhende
Ein av ti har ikkje råd til vanlege levekostnader frå dag til dag
Ferske tal frå fattigdomsbarometeret til Frelsesarmeen viser at totalt ni prosent av norske husstandar ikkje har nok pengar til å dekke vanlege levekostnader frå dag til dag.
Talet i første kvartal var seks prosent.
– Det er uventa og urovekkjande at fleire slit med å få endane til å møtast, og at så mange som ein av ni ikkje har råd til det heilt grunnleggjande i kvardagen, seier Elin Herikstad, assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen i ei pressemelding.
– Går ut over barna
Frelsesarmeen lanserte i august rapporten «Man føler seg ganske liten», ei målgruppeinnsikt som baserer seg på funn frå Fattigdomsbarometeret. Resultata her viste at for familiar med låg eller usikker inntekt, kan det å dekkje grunnleggjande behov for mat, klede og utstyr vere ei kontinuerleg utfordring.
– Vi ser at dårleg økonomi hos foreldre går ut over barna, og er ei kjelde til konstant uro, seier Herikstad. Ho meiner det gir ei kjensle av ikkje å strekkje til og fører til at ein kan miste det naudsynte overskotet til å delta i fellesskapet.
Merkbart vanskelegare
Eit hovudtrekk frå målgruppeinnsikta var at prisauken på mat og straum, og følgjene av dyrtida, har gjort kvardagen merkbart vanskelegare.
Oppsummert viste resultata at barnetrygda i stor grad blir brukt til å dekkje grunnleggjande behov som bustad, mat, klede og aktivitetar. For mange er denne ytinga heilt avgjerande for å få kvardagen til å gå rundt.