nyhende

Slik såg det ut då det nye varslingssystemet for mobiltelefonar blei testa 14. juni. Men mange fekk ikkje meldinga. FOTO: OLE BERG RUSTEN / NTB / NPK
Slik såg det ut då det nye varslingssystemet for mobiltelefonar blei testa 14. juni. Men mange fekk ikkje meldinga.

Ein av fire kan ikkje få naudvarsel på mobil

Opp mot kvar fjerde nordmann har mobiltelefonar som ikkje støttar naudvarselet, ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Publisert Sist oppdatert

– Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit anslår at 75 til 80 prosent av befolkninga har mobiltelefon med støtte for naudvarselet, seier seniorrådgivar Kristine E. Utheim i DSB til nettstaden kode24.

Dermed kan så mange som kvar fjerde nordmann ha problem med å få varselet på telefonen sin.

Testa sist veke

Naudvarslinga på mobil vart testa onsdag 14. juni.

– Eitt av måla med å teste nasjonalt var å gjere befolkninga kjende med naudvarselet. Vi håpar no at mange tek ein ekstra titt på mobilen sin for å sjå om dei treng å installere ei oppdatering for å vere sikre på å kunne få varsel i framtida, seier Utheim.

Ifølgje ein gjennomgang frå kode24 kan opp mot 35 prosent av norske iphone-brukarar og heile 61 prosent av Android-brukarar ha for gamle operativsystem til å kunne få varselet på mobilen.

Varslar om alvorlege hendingar

Nettstaden viser til statistikk frå webanalytikarsida statcounter.com.

Tala er frå mai og inkluderer Android-nettbrett og iPad-ar. Tala berre for mobiltelefonar kan dermed vere noko betre.

Naudvarselet på mobil er eit supplement til Sivilforsvarets sireneanlegg. Det skal brukast for å varsle om hendingar som ekstremvêr som truar liv og helse, terrorangrep, krig, eller radioaktivt utslepp.

Powered by Labrador CMS