nyhende

Nær éin av fire, tilsvarande éin million nordmenn, oppgir at dei burde sjekke betre kva reiseforsikringa dekkjer. Det er dei yngste som har minst kontroll. Foto: Fremtind
Nær éin av fire, tilsvarande éin million nordmenn, oppgir at dei burde sjekke betre kva reiseforsikringa dekkjer. Det er dei yngste som har minst kontroll.

Éin av fire bør sjekke reiseforsikringa betre

Nær éin av fire, tilsvarande éin million nordmenn, oppgir at dei burde sjekke betre kva reiseforsikringa dekkjer. Det er dei yngste som har minst kontroll.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det viser ei fersk undersøking gjennomført av Respons Analyse på vegner av forsikringsselskapet Fremtind.

Det går mot «normal» reiseaktivitet første gong sidan 2019, og 1,6 millionar nordmenn oppgir i undersøkinga at dei skal reise utanlands i sommar. Samtidig er det lange køar på mange flyplassar, velkjent passtrøbbel og det er framleis koronarestriksjonar. Det er med andre ord mykje å ta omsyn til før avreise, og då kan det vere greitt å ha kontroll på reiseforsikringa.

Éin av fire oppgir å ha full kontroll på kva reiseforsikringa dekkjer, og det er dei over 65 år som har best kontroll.

Mest usikre er dei yngste og det er mange av desse som skal ut og reise i sommar. Éin av fire under 24 år oppgir blankt nei når dei blir spurde om dei veit kva reiseforsikringa dekkjer.

Nesten 200.000 veit ikkje kva reiseforsikringa dekkjer og nær 150 000 har ikkje reiseforsikring.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS