nyhende

To- og firbeinte: Det er ikkje berre dyra som kan bli nervøse når dei vitjar dyrlegen. Eigarane deira kan òg bli stressa, og det kan bli mykje å ta inn for ein dyrlege. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
To- og firbeinte: Det er ikkje berre dyra som kan bli nervøse når dei vitjar dyrlegen. Eigarane deira kan òg bli stressa, og det kan bli mykje å ta inn for ein dyrlege.

Éin av fem veterinærar har hatt sjølvmordstankar det siste året

Mange veterinærar tykkjer jobben er gjevande, men det tærer likevel på den psykiske helsa deira.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Eg er ikkje overraska. Det er ikkje uvanleg at eg høyrer om kollegaer som har teke sjølvmord, seier veterinær Trude Mostue i eit pressemelding frå Arbeidstilsynet.

Studien har gått føre seg i tre år og om lag tre firedelar av norske veterinærar deltok i undersøkinga. Av 3.700 veterinærar, svarte 682 av dei det siste året at livet ikkje var verdt å leva. Forskar Helene Seljenes Dalum er uroa, men ikkje overraska.

– Mange veterinærar jobbar åleine i distrikt med mykje ansvar. Det er få kollegaer å støtta seg på i avgjerder der det kan stå om liv og død. Avliving av dyr og høge emosjonelle krav er ein del av kvardagen. Høgt arbeidspress, ugunstig arbeidstid og låg løn er òg faktorar som er verde å nemna, seier ho.

Men det er ikkje berre dyra ein har ansvar for. Når dei tek med kjæledyra sine til veterinæren, er dei gjerne bekymra.

– Det er mange kjensler knytte til kjæledyr. Store delar av arbeidsdagen til ein dyrlege handlar om å handtera menneskekjensler. Det kan vera fortviling, sinne, tungsinn, men òg glede. Som omsorgsperson er det vanskeleg å ikkje bli påverka av desse kjenslene. Du tek dei innover deg, seier Mostue.

Utanlandsk forsking har òg vist liknande tendensar i sine respektive land. Sjølvmordsrata i Noreg er om lag dobbelt så høg for veterinærar som den generelle befolkninga.

Direktør i Arbeidstilsynet Trude Vollheim seier at arbeidsgjevarar har eit viktig ansvar i å førebyggja og sikra eit arbeidsmiljø som gjev arbeidstakarane tryggleik.

– Set psykisk helse på agendaen, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS