NPK-NTB: 73 kommunar i Noreg har aldri hatt kvinneleg ordførar, og dei fleste er Ap- og Sp-styrte kommunar, viser ny kartlegging.
Etter kommunevalet i 2019 var om lag 35 prosent av ordførarane kvinner – ei dobling sidan 2003, då kvinnedelen var 17 prosent, ifølgje Kommunal Rapport.
I tillegg vart fem mannlege ordførarar erstatta med kvinner etter at dei vart valde inn på Stortinget i fjor haust.
Blant kommunane som aldri har hatt kvinneleg ordførar, er dei fleste Ap- og Sp-styrt. Dette heng òg saman med at desse partia har flest ordførarar totalt.
– Vi er sjølvsagt ikkje fornøgde før talet er 50 prosent, og den jobben er vi i gang med. Dette viser at målretta og systematisk arbeid må til, men òg at det gir resultat, seier partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet.
Sveio kommune blir unntaket mot regelen. No er Linn Therese Erve (Ap) ordførar, og før ho har Jorunn Skåden (Ap) vore ordførar i to periodar.