nyhende
– Ein av fem anar ikkje kor gammal varmtvassbehaldaren er
70 prosent av alle varmtvassbehaldarane som vart øydelagde i fjor, rauk på grunn av slitasje eller høg alder.
– Det er ikkje slik at behaldarane skal brukast til dei seier takk for seg, seier risikoingeniør Jens Bertil Jensen i Frende Forsikring i ei pressemelding. Tal frå Finans Norge viser at det vart rapportert inn 4040 skadesaker med varmtvassbehaldarar i fjor.
Tikkande vassbomber
Det har aldri vore fleire slike skadar. Den desidert viktigaste årsaka til skadane var slitasje og / eller høg alder.
– Når meir enn 70 prosent av skadane skuldast elde er det eit stort forbetringspotensial. Det er fortvilande og tidkrevjande å få vasskade heime, og det ryk store summar til skadar som kunne vore unngåtte. Mange har hauggamle behaldarar som eigentleg berre er tikkande vassbomber, seier Jensen.
Kosta 312 millionar
I fjor kosta vass-skadar knytte til varmvassbehaldaren 312 millionar kroner. 248 millionar var slitasje- og aldersskadar.
– Når ein varmtvassbehaldar først lek kan det gjere store skadar. Om ein bur i leilegheit blir det gjerne også eit problem som forplantar seg nedover til naboane under, seier skadeeksperten
I ei undersøking Norstat har gjort for Frende Forsikring svarar 19 prosent at dei ikkje har peiling på or gammal behaldaren deira er.
Bør vurdera skifte etter 10 år
Tidlegare rekna ein med at ein varmtvassbehaldar varte mellom 10 og 15 år. Jens Bertil Jensen meiner at om ein har ein vassbehaldar som har passert ti år, så kan ein godt vurdere eit skifte. Eit anna poeng er at moderne behaldarar er langt meir energieffektive enn tidlegare.
Han opplyser at det står på tanken kor gammal han er, og at det kan vere lurt å ta ein sjekk.