nyhende
Eilif sa opp fast jobb for å lage brettspel
Eilif Svensson er noko så unikt som sjølvstendig næringsdrivande i brettspelutvikling. Truleg er han den einaste i Noreg som har dette som fulltidsjobb, men no kan utanlandske krefter truge levebrødet.
Gründerar startar ofte med to tomme hender – akkurat som i brettspelet «Monopol». Går det dårleg rykker du tilbake til start, og går det skikkeleg dårleg vil det kanskje kjennest som at husa og hotella dine brenn. Går det derimot bra – blir du kongen av spelbrettet og kan innkassere sigeren – eller i alle fall eit levebrød.
– Eg håpar eg kan leve av dette resten av arbeidslivet mitt. Men ein veit jo aldri – ting skjer veldig fort no. Trump har laga tollbarrierar til USA og plutseleg misser vi mange kundar der. Marknaden endrar seg og ein må vere førebudd, fortel Eilif Svensson til Nynorsk pressekontor.
Frå heimekontoret i Mjøndalen har han skapt store internasjonale spelsuksessar, som til dømes «Santa Maria», «The Magnificent» og «Trails of Tucana».
Sa opp trygg jobb
Svensson er eigentleg utdanna siviløkonom og jobba blant anna som økonomisjef og business controller fram til han i 2018 tok sjansen og satsa fullt på å lage brettspel.
– Eg gav ut det første spelet mitt allereie i 2006. I kjølvatnet av det fekk eg kontakt med fleire i spelemiljøet. Eg byrja å lage fleire eigne spel og drog fleire gonger til Tyskland for å presentere ideane mine for forlag.
Han fekk ofte nei. Trass i at ideane fekk gode tilbakemeldingar, passa dei ikkje for forlaga akkurat då.
– Det var ei utdanning i det òg – å berre å lære seg litt marknad, mimrar Svensson.
Ønsket om å sette ideane ut i live utan å måtte gå gjennom andre blei etter kvart så sterkt at han slo seg saman med ein annan spelentusiast, Kristian Østby, og dei etablerte forlaget Aporta Games.
– Vi ville ha det gøy og tanken var at vi skulle gå i null. Etter kvart byrja vi å tene litt på det, og eg fekk i tillegg moglegheit til å jobbe for Vennerød forlag som spelkonsulent på deltid.
Då tok Svensson spranget og gjekk frå fast stilling til ein meir usikker kvardag som brettspelutviklar. Jobben som konsulent varte eit par år. Då Svensson var ferdig der tente han nok til å vere spelutviklar på heiltid. Han og broren gjekk òg saman og danna endå eit forlag, Chilifox Games, for å spe litt på inntekta.
Frå månader til år
Kor lang tid Svensson brukar på å utvikle eit spel varierer frå nokre månader til fleire år. Ofte er det heller ikkje nokon samanheng mellom kor komplekst eit spel er og kor lang tid det tar å lage.
– Det er ikkje nokon fasit. Nokre gonger går vi litt i blindspor, og må begynne på nytt. Ofte kan det ta lang tid å lage heilt enkle spel som skal passe for alle. Då må ein gjerne kutte både her og der i kompleksitet og tid. Å halde spelet interessant er den store utfordringa då, fortel spelutviklaren.
Eitt av spela som har gjort det aller best er temmeleg komplisert. Det tok berre ti månader å utvikle.
– Då klaffa alt med ein gong. Men det skal seiast at eg jobba både dag og natt, fortel han.
Testing er viktigast
Når ein skal finne ut om eit spel er liv laga er det ein ting som er viktigare enn alt anna:
– Speltesting, speltesting, speltesting, seier Svensson.
Tidleg i prosessen utviklar Svensson ein prototype av spelet han ser for seg. Dette set han seg gjerne ned og spelar som om han sjølv er alle spelarane rundt bordet.
– Då får eg sjekka om ting fungerer. Når eg har gjort det blir spelgrupper henta inn. I Drammens-området er vi heldige å ha mange som har lyst til å spele og dette er folk som ikkje berre seier at ting er bra, men som òg vågar å vere ærlege i tilbakemeldingane. Vi prøver å spele spelet med same gruppa fleire gonger for å sjå om det eignar seg for å spele om att. Men vi prøver òg med fleire ulike grupper for å finne ut om folk generelt tar spelet med ein gong og at ting er forståeleg, seier han.
Men når spelet nærmar seg perfekt må Svensson til slutt berre stole på si eiga bedømming og sleppe det ut i verda.
– Det er viktig å gi seg når ein meiner ting er ferdige. Viss ikkje så tar det fort endå eit år, og då kjem ein aldri i mål, avsluttar Eilif Svensson.