nyhende
Eigedomsskatt er snart historie i Sveio kommune
Etter nyttår er det slutt for eigedomsskatt i Sveio.
Sveibuar får ein skatt mindre å betale frå januar av. Då forsvinn eigedomsskatten. Den vert avvikla etter nyttår og skal ikkje krevjast inn meir.
Årsaka er at kommunestyret for tre år sidan vedtok å avvikle eigedomsskatten, 10 år etter det vart bestemt at den skulle innførast i Sveio.
Kor mykje ein kjem til å spare avheng av kva ein betalte før, men gjennomsnittleg vert det 41 kroner mindre for kvar eigedom.
Gjennomsnittet er rekna ut ifrå 2022 sin sats og botnfrådrag, og berekna til ein 120 kvadratmeter stor bueining.
Einaste utan
Sveio vert no den einaste kommunen i nærområdet som ikkje krev eigedomsskatt, ifølgje Huseigaranes landsforbund.
Tysvær har berre eigedomsskatt for petroleumsanlegg, som dei skattla for 175 millionar kroner i 2021.
Dei siste åra har det vore ein gradvis nedskalering av eigedomsskatten i Sveio.
I 2016 var botnfradraget heva, og inntektene frå skatten har sokke i takt med endringane.
Frå 10,5 mill. til null
Om ein tek eksempelet på ein 120 kvadratmerer stor bueining så har eigedomsskatten sokke jamnt i Sveio:
• 3.480 kroner i 2015
• 3.080 kroner i 2016
• 1.900 kroner i 2017
• 1.500 kroner i 2018
• 1.100 kroner i 2019
• 230 kroner i 2020
• 433 kroner i 2021
• 41 kroner i 2022
Då den først vart innført i 2011 var skatteinntektene på 10,5 millionar kroner. Då den vart vedtatt avvikla på sikt i 2020 kom beløpet på litt under tre millionar kroner.
Vil ikkje spekulere
Korleis bortfall av eigedomsskatt påverkar økonomien til kommunen, eller om dei har kutta i tenester for å kompensere, vil administrasjonen ikkje spekulere i.
Konstituert rådmann Ingunn Toft svarar at dei har forma deira budsjettforslag ut ifrå dei økonomiske ramma som har vorte bestemt politisk.
— Det er ikkje synleggjort kutt, men vist til stramme rammer som vil kunne vere krevjande å halde. Kva ein kunne fått for eigedomsskatten blir litt leik med tal, seier Toft.