nyhende
Ei tomt skilte seg fort ut i Sveiåsen 3
Ei av tomtene har skilt seg ut som indrefileten i Sveiåsen 3, her er det fleire bodgivarar.
– Kjempegøy! Slik oppsummerer eigedomsmeklar Fred Lippens salsstarten av Sveiåsen 3. Eiendomsmegler A har fått oppdraget med å selja tomtene for Sveio kommune, som la ut dei første fem tomtene for ei god veke sidan.
– Me har bod på tre tomter, halvparten av tomtene som ligg ute, seier Lippens fredag morgon.
Treng ikkje venta
Det kom nemleg inn bod på ei ekstra tomt. Etter reglane har den blitt lagt ut, og blir marknadsført i fem dagar før husstomta får ny eigar.
Ein treng altså ikkje venta på at tomta ein har i sikte skal leggast ut.
– Om drømmetomta ikkje ligg ute, kan ein ta kontakt, så skal eg hjelpa med å leggja inn bod starta prosessen, seier Lippens. Han er godt nøgd med at det er ein miks av familietypar som har lagt inn bod.
Indrefileten
– Dei tre første bodgivarane representerer heile spekteret av husbyggjarar – ein småbarnsfamilie, nokon 40 pluss, og nokon som ønskjer eit enkelt hus etter at ungane har flytta ut.
Fellesnemnaren for dei tre tomtene det er gitt bod på, er utsikt.
– Er det bodkrig?
– Me har fleire bod på den eine tomta. Tomt 26 skilte seg fort ut som indrefileten på dette feltet, det er to bodgivarar, seier Lippens.