nyhende
Line (36) er ny leiar i SIL:
– Ei stor ære å bli spurt
Etter ein rask og oppmuntrande samtale med mannen, takka Line Remøy Bertelsen (36) ja til førespurnaden om å stilla som leiar for Sveio IL. – Det var ei stor ære å bli spurt, seier ho.
Annakvart år er det val av ny leiar i idrettslaget. Lillian Rommetveit har vore ved roret i to periodar, og held no fram som nestleiar.
– Eg vil ikkje gi meg, men vera med å vidareutvikla idrettslaget. Det handlar ikkje berre om å ha eit idrettslag, men å drifta profesjonelt, og gi mest mogleg igjen til medlemmene for kontigenten dei betalar. Eg føler at eg kan bidra med meir dedikerte og store oppgåver som nestleiar, seier Rommetveit.
God drift
I følgje avtroppande leiar, overtar Bertelsen eit godt drifta idrettslag med gode rutinar. Ein rekneskapsførar snart knyttast til organisasjonen, og prosessen med å leggja til rette for å tilsetja ein dagleg leiar skal halda fram. Dessutan blir drifta digitalisert i desse dagar.
Dei som kjenner Bertelsen frå før, kanskje som tidlegare kommunestyrerepresentant eller som finansiell rådgjevar for den lokale banken, veit at ho er full av entusiasme. Ho er ikkje mindre ivrig når det gjeld det nye vervet, som ho er bestemt på å gjera for Sveio sin del. Ho veit enda ikkje kva som ventar ho, men har ei viss aning.
Badeanlegg
– Det blir mykje organisasjonsarbeid og overordna arbeid i forhold til strukturen på organisasjonen. Representantane i styret gjer ein god jobb, og det er eg veldig glad for. Det er ein organsisasjon som fungerer, eg trur ikkje eg er valt for å endra på noko. Eg trur det handlar om å få vekst i Sveio IL, og tilby forskjellige idrettar til ungdom og barn i heile Sveio, seier Bertelsen.
Nokre saker ho vil ta hand om, er alt kjende. Som den politiske prosessen som går på å byggja badeanlegg, og mogleg ein ny idrettshall.
– Viss me får eit badeanlegg, vil det vera naturleg at idrettslaget får ein svømmeklubb. Kanskje Haugesund triatlonklubb vil få ei Sveioavdeling?
Dagleg leiar
Det er enormt mange dugnadstimar som blir lagt ned av mange frivillige i Sveio Idrettslag, og stadig kjem det standardar som skal følgjast. Arbeidsmengda aukar i takt med nye krav frå forbunda.
I tida som kjem skal det derfor jobbast med å tilsetja ein dagleg leiar, som kan effektivisera, og skapa eit meir profesjonelt opplegg rundt idrettslaget. Slik vil også eldsjelene som vil halda på med idrett, barn og unge får frigjort meir tid.
– Det blir meir og meir administrasjon, og me er eit av få idrettslag i nærområdet som ikkje har dagleg leiar, påpeiker Rommetveit.
NM-tittel
Den nye leiaren er heller ikkje ukjend med idrett, men har ikkje sin favorittsport på verken gras eller i hall.
– Eg er god på ski, og er tidlegare noregsmeister i halfpipe, fortel Bertelsen, som er frå Haugesund, men som no bur på Rophus i lag med familien.
Ho er kjend med Sveio idrettslag sidan begge dei to ungane til ho og mannen Anders har gått der, men no har dei tilbodet sitt i Haugesund.
– Nokon vil kanskje tenka kvifor i alle dagar eg skal vera leiar, men eg trur det kan vera bra at ingen av ungane er direkte i ein av idrettsgreinane, eg trur det kan gi meg ein objektivitet, og sjå på idrettslaget som ein heilskap, seier Bertelsen, som til dagleg jobbar som kundekonsulent i Vibrand Kapital.
Ho er glad Rommetveit held fram som nestleiar, og at styret er som det er.
– Det er mange frivillige som gjer ein uvurderleg jobb, seniorgruppa inkludert, seier Bertelsen, som gler seg til å ta fatt på oppgåvene som ventar.
Det er rundt 450 medlemmer i SIL.