nyhende
Ei røyst senka prisen på Ekrene-tomt med fleire millionar
Svein Mathias Lie (Frp) røysta mot resten av partigruppa si, og sikra med det fleirtal for at ei 103 mål stor næringstomt på Ekrene kan bli selt nesten fire millionar kroner billigare enn det partifellane i Frp, ordføraren, og sju andre i kommunestyret ønskja seg.
At det blir gjort vedtak med 13 røyster for og 12 i mot er ikkje noko nytt i inneverande periode i Sveio kommunestyre, då nettopp det har vore skillelinja mellom fleirtalskoallisjonen Ap (5), Frp (4) og dei Uavhengige (4) – mot Sp (5), Høgre (3), KrF (2) SV (1) og MDG (1) sine til saman 12 representantar. Men måndag kveld vart det annleis, då eit stort tomtesal på Ekrene vart handsama bak lukka dører i kommunestyret.
Politisk usemje om pris
Kommunestyret var samrøysta om at tomta kunne seljast til entreprenørselskapet Birkeland AS. Men då spørsmålet om kor mykje 103 mål med berg og stein i forlenginga av det allereie utvikla næringsområde på Ekrene er verdt, vart det diskusjonar i kommunestyret.
På førehand hadde eit samrøysta formannskap, også det bak lukka dører, tilrådd å selje for 11 millionar kroner, som var bodet Birkeland AS var kome med. Men fleire kommunestyre-representantar skal ha vore i tvil om prisen var rett.
Ifølgje protokollen, som Vestavind har fått innsyn i, fremja Asle Georg Halleraker (Uavhengig) forslag om utsetjing av saka, men trekte seinare dette. Han stilte seg bak eit nytt forslag fremja av Håkon Skimmeland (Ap), om å selje for 150 kroner per kvadratmeter, noko som ville gitt ein pris på i overkant av 15 millionar kroner.
Lie: — Redd for å miste salet
Skimmeland sitt forslag vart i røystinga stilt opp mot formannskapet si tilråding på 11 millionar. Frp sin varaordførar Ruth Eriksen og representantane Anne Berit Stokka (stilte som vara for Rune Teikari) og Gustav Eidsvåg stilte seg bak Skimmeland-forslaget. Hadde heile Frp-gruppa stilt seg bak hadde dette forslag fått fleirtal, men Svein Mathias Lie gav altså som einast Frp-ar si stemme til formannskapet si tilråding som dermed fekk fleirtal.
— Eg ønskjer utvikling på Ekrene, men det har vore vanskeleg å få selt tomter der. Eg var oppriktig redd for at me skulle mista salet, og i verste fall risikere at selskapet tok med seg pikkpakket og flytta frå Sveio, seier han til Vestavind.
At Lie gjekk i mot resten av kommunestyregruppa si, ser han ikkje på som noko problem.
— Ein får gjerne nokre stygge blikk, men eg lever godt med det, seier Lie.
Til sals i fleire år
Vestavind har forsøk å få leiinga i Birkeland AS i tale torsdag, utan hell. Etter det Vestavind erfarer er det i første omgang bergmassane entreprenøren er ute etter. Kva som skal skje på området etter at dei er tatt ut førebels eit opent spørsmål.
Vestavind har spurt ordførar Linn Therese (Ap) om tomta har vore gjort tilgjengeleg for andre kjøparar. Ho viser til at tomta har vore i Arealguiden, som viser kommunane sine tilgjengelege areal, i fleire år.
— Den har altså vore tilgjengeleg for kjøp for interessentar i fleire år, men det har ikkje kome i stand sal før no, skriv ho i ein SMS til Vestavind.
— Ryddig og profesjonell dialog
At ordføraren sjølv, og resten av Ap, røysta mot formannskapet si tilråding om 11 millionar kommenterer ho slik:
— Det er vanleg at ein kan ha ein anna oppfatning i saker mellom utval, formannskap og kommunestyret, skriv ho.
Prisen på 11 millionar kommenterer ho slik.
— Eit samla kommunestyre ønskjer å selje tomta, men det er ulik tilnærming til kva som kan vere rett marknadsverdi. I dette tilfellet viser det seg at marknaden er villig til å betale 11 millionar for tomta. Det er eit resultat etter ein ryddig og profesjonell dialog mellom kjøpar og administrasjon, seier jo.
Ho legg til at kommunen ønskjer auka næringsaktivitet.
— Og for at Sveio kommune framleis skal vere ein god kommune å leve i, må me og ha fleire trygge arbeidsplassar. Det bidreg med til med sal av næringstomter, seier ho.