nyhende
Ei rekke kommunale bygningar og eigedomar skal vurderast selde
Kommunale bygningar som ikkje er i bruk av kommunen sjølv kan bli lagt ut for sal. Det gjeld ein del leilegheiter og hyblar, men også gamle skulebygg og andre bygningar som er utleigde til aktivitetar i bygdene, også næring. Rådmannen har også sett nærmare på andre kommunale eigedomar som kommunen ikkje treng.
Sveio kommune eig rundt 40 0000 kvadratmeter bygg i ulike delar av kommunen. Bygga har ulikt driftsføremål, ulik alder og er i ulik stand. Den siste perioden har kommunen bygd fleire nye bygg, som del av kommunehus, nybygg Sveio skule, nybygg til Sveio omsorgssenter, bustadar for personar med ulike utfordringar og livsvanskar og påbygg til Vikse skule.
Fleire nybygg i vente
I saka, som er laga klar for politisk behandling, blir det også trekt fram at kommunen skal byggja fleire nybygg, som badeanlegg, aktivitetshus, idrettshall, barnehage, omsorgsbustadar og ein større rehabilitering av brannstasjon.
Bakgrunnen for at denne saka kjem opp no, er eit vedtak frå desember 2020. Då blei i sak om «budsjett 2020, økonomiplan 2020-2023» vedteke å laga ei oversikt over eigne eigedomar, samt å få fortgang i arbeidet med å selja eigedomar som ikkje har konkret nytteverdi for Sveio kommune.
Høge kostnadar
I saka er det lagt fram eit konkret forslag vedtak som gjeld bygg som ikkje skal nyttast til kommunal tenesteproduksjon framover, og som har spesielt høge drifts- og vedlikehaldskostnadar. Rådmannen skriv han at nokre bygg kan leggjast for sal etter vedtak, andre må det gjerast nærare avklaring med brukar/leigetakar før eit sal.
Fleire av bygningane er utan aktivitet, medan andre er utleigde som bustadar og næring. Dei nedlagde skulane husar ulike aktivitetar, og blir brukt av ulike lag og organisasjonar. Fellesnemnaren er at kommunen ikkje treng eiga nokon av bygga, då dei ikkje bruker dei i eiga tenestelinje.
– Ein vil gå i dialog med brukarar når prosess med sal av aktuelle bygg eventuelt startar, seier rådmann Jostein Førre til Vestavind.
Desse skal vurderast selde:
| Tinghuset (Førde) |
| Gamle Bua skule |
| Bua «gamle, gamle» skule |
| Gamle Ørevik skule |
| Gamle Lid skule |
| Introhuset (Førde) |
| Prestebustad 2 (Sveiogata, Sveio sentrum) |
| Lothebygget (Leitevegen, Seio sentrum) |
| Lyngvegen 1b (Sveioåsen, Sveio sentrum) |
| Eaglebygget (ved golfbana, Sveio sentrum) |
| Mannabergvegen 25 (utleigebustad, Sveio sentrum) |
| Solheimslio 7a og 7b (flyktningebustad, Førde) |
| Lindøy (salsprosessen er alt i gong etter eige vedtak) |
Strategi for andre eigedomar
Rådmannen har også fått i oppdrag å laga ei oversikt over den totale eigedomsportefølja til Sveio kommune, og ein strategi for sal av eigedomar som ikkje har konkret nytteverdi for Sveio kommune, som eig nær 200 eigedomar.
Dette varierer frå restareal på tomteområde til større eigedommar som til dømes næringseigedom på Tjernagel, Ekrene næringsområde og Håvåsen i Sveio sentrum, både tinglyste og ikkje tinglyste. Nokre areal blir bortfesta (t.d areal til Flokehyttene) og andre areal blir festa av kommunen (t.d eit større areal i Førde sentrum).
Følgjande eigedommar har rådmannen vurdert for sal. Dei er lista opp i same sak som bygningsmassen, men her ikkje noko forslag til vedtak om sal frå rådmannen si side:
- Eigedom 9/50 på Økland (nær tidlegare E39). Eigedommen er på 30 dekar og ligg nær fylkesveg. Rådmannen vurderer at det kan være hensiktsmessig å eiga eit større areal i denne delen av kommunen vidare. Ei nærare vurdering av sal kan takast om det er privat interesse for å utvikle eigedommen.
- Eigedom 59/5 (tidlegare Vandaskog skule). Denne er ikkje i bruk og kan seljast.
- Eigedomane 105/3 og 105/38 på Erve. Eigedommane 105/3 sør og er 105/38 er rundt 6 dekar, er avsett til kombinert byggjeformål i kommuneplanen og ligg fint til sjøen. Arealet kan såleis tenkast å være omsetteleg i marknaden. Kommunen har ein slipp på eigedommen 105/38 som det er inngått leigeavtale om bruk med privat verksemd. Det er kai på 105/3. Då området kan egna seg til ei framtidig båthamn eller tilkomst til sjø, kan det vera føremålstenleg å venta med sal. Del av 105/3 nord er på 27 dekar og avsett til LNF.
- Eigedommar på Hovda 55/1 og 55/9. Dette er to større eigedommar som grensar til kvarandre på til saman 1 100 dekar. Er avsett til LNF og LNF spedt i gjeldande kommuneplan. Det ligg eit større utbyggingsområde sør for eigedommen. Rådmannen vurderer at det er mykje utbyggingsareal som er ferdig regulert lengre sør og at det difor ikkje vil være hensiktsmessig å legge meir areal ut på marknaden på noverande tidspunkt. Eigedommen kan vurderast i samband med kommuneplanen sin arealdel.
- Eigedom 50/36 på Tjernagel. Eigedommen er på nær 200 dekar og sal til næring var intensjon når eigedommen blei kjøpt. Administrasjonen har jamleg kontakt med potensielle kjøparar.
Formannskapet skal gjera vedtak i saka 8. februar, sidan skal kommunestyret gjera endeleg vedtak 22. februar.