nyhende

Janne Linn Agasøster med eit av dei fyrste påskelamma i armane. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Janne Linn Agasøster med eit av dei fyrste påskelamma i armane.

— Ei gåve å taka imot nytt liv

Lam er eit sikkert vårteikn og velkjent påskesymbol. Janne Linn Agasøster (46) synest at noko av det finaste med å vera sauebonde, er å ynskja nye liv velkomne til verda.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein mild og solfylt vårdag på Tjernagel. Sola står høgt på skyfri himmel og kastar eit stemningsfullt og varmt ljos over garden til Janne Linn Agasøster (46).

Ein spent Vestavind-journalist kjem køyrande inn i tunet hennar. Journalisten vert så teken med inn i fjøset.

Der vert lukteorgana møtte av ein sterk eim av sau og hest. Sauene merkar at det er framande til stades, men får raskt tillit til vedkomande. Dei kjem bort for å snusa på det ukjende mennesket og lèt seg stryka.

To forvitne søyer som òg ventar lam.
Denne søya er mor til to av lamma. Ho elskar brødsmulane Janne Linn har på innerlomma.

Lenger inne i båsen ligg nokre små og uskuldige vesen: årets påskelam. Dei drøvtygg og tek livet med ro, reiser seg og går bort til mora for å dia.

Eit yndefullt, lite påskelam, til glede for både sauemor og menneske.
Lammet går bort til mora for å dia.

Ermina Agasøster (12), som er dottera til Janne Linn, er òg til stades i fjøset denne vårdagen. Med seg har ho veninna Hanne Margrethe Bua (11). Dei deler interessa for dyr og driv mellom anna med riding.

Dottera til Janne Linn, Ermina Agasøster (12), driv mellom anna med hest. Her med ein hest av typen Welsh, ein rase med opphav i Wales.

Jentene går inn i båsen til sauene og plukkar opp kvar sitt lam. Lamma ser allereie ut til å vera vane med kjærleg merksemd, trass i at dei berre har levd nokre få dagar i denne verda.

Ermina Agasøster (12) og veninna Hanne Margrethe Bua (11) går inn i båsen og plukkar opp kvar sitt lam.

Sauene er stort sett ei kryssing mellom NKS (norsk kvit sau) og den britiske rasen Suffolk. Fyrstnemnde vart kryssa fram av mellom anna rygja-, dala- og steigarsau frå 70-talet og utover, medan Suffolk vart avla fram i England på slutten av 1700-talet.

— Ei gåve

Janne Linn overtok garden etter foreldra i 1999.

23 år med gardsdrift og dyrehald har skapt eit meiningsfullt tilvære for 46-åringen. Ho fortel at bondelivet ikkje berre er ei hektisk sysle, men òg ein lidenskap.

— Når ein driv med dyr, kjem ein så tett innpå naturen og livet. Å driva med dyr er ein stor hobby for meg, seier ho.

I påsketida føregår det mykje lemming på gardane rundt om, og Janne Linn kjenner det er gjevande å vera ein del av denne prosessen.

— Det er ei gåve å taka imot nye liv, seier ho.

Då Vestavind var til stades hadde det kome fire lam til gards, men det er venta å koma kring 80 til saman. Ei av dei største søyene ber kanskje på så mykje som fem lam.

— Det vert travelt, men òg veldig kjekt!

Årets påskelam. Desse to er så små at dei kan hoppa ut og inn av båsen når dei vil.
Det tillitsfulle lammet yter ikkje motstand.
Powered by Labrador CMS