nyhende
– Eg vil slå eit slag for Østfold-dialekten
Runar Gudnason har vore i rap-bransjen i over tjue år, og talsmann for dialektar om lag like lenge. Men rapparen frå Sunnmøre seier at dialekt-rap ikkje finst.
– Kva forhold har du til dialekten din?
– Den betyr heime. Då meiner eg heime både geografisk og i sinnstilstand. Det er lydane eg har høyrd mest og vakse opp med.
– Er du lei av det spørsmålet etter å ha fått det i 20 år?
Runar Gudnason får kanskje tilbakeblikk på alle andre gonger dei to siste tiåra der han har sete slik: med ein journalist framføre seg, og prøvd å kome på eit klokt og originalt svar til det same spørsmålet. I alle fall ler han som om han blitt avslørt i å skrive av svara på ei prøve frå ein venn.
– Eg er ikkje lei av det spørsmålet, men svaret har byrja å kome på automatikk.
– Det er ofte venta at ein skal snakke om identitet, men språket er like viktig for ein uansett om ein er vestlending eller austlending. Måten ein pratar på heng saman med kven ein er og korleis ein opplever verda. Samtidig kvir eg meg for å dra inn identitets-greia, for det høyrest patriotisk ut, som eg ikkje er. Dialekten min er viktig for meg, men han er ikkje noko betre enn andre sin.
Det seier Runar Gudnason, eller Torstein Hyl, eller Sjef R, frå Hovdebygda i Ørsta. I over 20 år har han vore kjend som rappar etter gjennombrotet med Side Brok i 2002.
Feil omgrep
Rap-gruppa var del av ei bølgje med rap på dialekt som kom på starten av 2000-talet. I dag meiner han det er feil å kalle det «dialekt-rap».
– Det omgrepet er berre tull. Det finst ikkje nokon som ikkje rappar på dialekt. Karpe rappar til dømes på oslodialekt, men omgrepet blir berre brukt om rap på andre dialektar enn dei har i Oslo, seier Gudnason.
Vi møter han i huset i Hovdebygda. På kontorrommet, ved sida av Mac’en, musikkinstrument og innspelingsutstyr ligg det fleire bøker og aviser frå inn og utland rund. Han sit der og arbeider med noko nytt til hausten.
– La meg ta eit døme.
– I pop og i rock syng dei på dialektar, men òg på nynorsk og bokmål. DumDum Boys er trønderar som syng på bokmål, og det fungerer, men du hadde aldri hatt trønderar som ville rappa på bokmål, fordi rappen er så nær talespråket.
Språkendringar
Gudnason har budd fleire år i Danmark. Der lærte han at det var nødvendig å leggje om til dansk for å bli forstått av dei lokale, utan at dialekten hans ber særleg preg av det i dag.
– Eg er pragmatisk til språk og dialekt. Dei er viktige verktøy eg er glade i, men samtidig har eg ikkje behov for å framheve dialekten min som betre enn andre sin, eller at nynorsk skal vere betre enn bokmål.
Gudnason trekker fram eit minne frå folkehøgskuletida på Sørlandet.
– Då oppdage eg at det var nokre, spesielt austlendingar, som ikkje forstod meg godt. Vi som hadde andre dialektar enn austlandsk, sjølv om dei var ulike, forstod kvarandre godt, men austlendingane har handikappet av å vere majoritetsspråk. Det blei eg irritert på i lengda, men ikkje vrang. Ein må først og fremst bli forstått.
– Korleis har samfunnssynet på dialekt endra seg frå då?
– Det er meir akseptert å bruke dialekt i det offentlege. Samtidig blir det framleis gjort narr av måten folk frå visse område snakkar. Det er i grunn greitt. Humor må ein ha, men nokre ting har ein dårleg bismak. Ta Østfold-dialekten. Han blir håna av folk som burde vite betre. Men i det store og heile blir det betre. Eg trur kanskje rap-musikk har hjelpt.
Kampen
Om 20 år frå no, når ein annan journalist har kome heim til Gudnason for å snakke om dialektar igjen, trur han forskjellane har blitt endå mindre.
– Eg og kona mi snakkar breiare enn sonen vår, men vi snakkar igjen mindre breitt enn foreldra våre og dei mindre breitt enn deira foreldre.
Trass i forkjærleiken for alle dialektar, kallar han det ein «håplaus kamp» å kjempe mot at forskjellane blir mindre.
– Ein kan meine kva ein vil om det, men eg rettar aldri på sonen min når han snakkar mindre breitt. Det er ein håplaus kamp. Det er synd at noko forsvinn, men det er berre éin ting ein kan gjere med det: å halde fram med å snakke det sjølv.
Omsettinga
Når NPK kjem innom er han i sluttarbeidet med ei ny omsetting for Det Norske Teatret. Dei siste åra har Gudnason stått bak omsettingar av fleire musikalar for teateret i Oslo, til dømes «Charlie og sjokoladefabrikken» i 2021 og «Into the Woods» i 2022. Arbeidet denne dagen er på «Frost», som skal ha premiere i oktober.
– Rapptekstane mine har alltid vore på dialekt, men i dette arbeidet må eg skrive rein nynorsk. Det gjer at eg for første gong brukar rimebok for å hjelpe meg.
– Ein kan snike inn dialekt i talespråket til nokre karakterar i visse situasjonar, men i hovudsak skal det vere grammatisk rett nynorsk. Fordelen er at i omsettingsarbeidet er det ein ferdig melodi med stavingar, refreng og ordspel ein ikkje kan omsette direkte. I rapptekstane sit eg berre med eit kvitt papir og må finne på noko smart frå botn av.
– Har du eit favoritt-dialektord?
– Eg vil slå eit slag for østfolddialekten: «Prekær».
– Eg diggar det ordet. Det har ein brei lyd og ordet østfoldingane viser til dialekten sin. Det betyr at du snakkar dialekten din. Ordet seier mykje og er ein tøff lyd.