nyhende

Lisbeth Børven Våbenø. Foto: Privat
Lisbeth Børven Våbenø.

– Eg vil framsnakka mine flotte kollegaer i heimetenesta i Sveio

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Lisbeth Børven Våbenø

Alder: 43 år

Bustad: Auklandshamn

– Til dagleg jobbar eg som sjukepleiar i heimetenesta i Sveio kommune.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det beste med å vera sveibu må vera at eg har hus og hytte i eitt, treng jo ikkje hytte ved kysten når me bur på den finaste plassen der allereie.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Kanskje litt betre asfalt på Øklandsvegen.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Eit flott minne har eg frå Auklandshamn skule då barna mine gjekk der og såg korleis alle barna leika saman på tvers av trinn og klassar. Eg hugsar sjølv då eg gjekk på ein større barneskule med 500 elevar at det var meir delt mellom dei ulike trinna, så det var fint å sjå korleis dei tok seg av kvarandre her.

– Kven i Sveio vil du framsnakka og kvifor?
– Eg vil framsnakka mine flotte kollegaer i heimetenesta i Sveio, det er ein flott gjeng alle i saman! Me jobbar i ein bransje der det er mange triste ting som skjer, men med gode kollegaer rundt seg, går det bra. Me er gode til å støtta kvarandre, og ikkje minst kosa oss når me har tid til det.

Powered by Labrador CMS