nyhende
– Eg vil framsnakka alle som engasjerer seg i lokalpolitikken
– Eg er jurist og tilsett i Sveio kommune sin administrasjon. I tillegg er eg også politisk sekretær, og ikkje minst valansvarleg i kommunen. Når eg ikkje er på jobb er eg som dei fleste glad i å vera i lag med familien min og vennene mine. I tillegg les eg mykje bøker, og etter at eg flytta tilbake til Sveio og overtok huset til mi mormor, er eg blitt overraskande glad i å stella i hagen.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Som ein innfødd sveibu blir det beste for meg med å bu i Sveio det å bu på plassen eg vaks opp, kor eg er nabo med mine fantastiske foreldre og snart også får min bror og svigerinne som naboar. Samstundes er eg veldig takknemleg for å bu på ein så vakker plass.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eigentleg ikkje. Sveio har kanskje ikkje vinbarar, museum og teater, men kva gjer vel det, når det er så kort veg til både byen og flyplassen – og derfrå til resten av verda. «Sveio midt i leio» er kanskje blitt ein litt slitt frase, men det har vel aldri vore så sant som det er i dag.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Eg har budd i Sveio i 25 av 35 år, og det blir umogleg å velja blant alle dei gode minna frå livet her. Så då vil eg nemna noko som skil seg ut blant ting eg har opplevd i år: Eg feira bursdagen min saman med to vener på ei av Flokehyttene, og det var ei eksepsjonell oppleving!
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg vil gjerne framsnakka alle som engasjerer seg i lokalpolitikken, for det vitnar om at ein har eit genuint ønske om å bidra til lokalsamfunnet vårt her i Sveio kommune, og det er beundringsverdig. Den beste måten å visa at ein set pris på at folk engasjerer seg, må jo vera å bruka stemmeretten sin. Så det vil eg genuint oppfordra absolutt alle sveibuar til å gjera!