nyhende

– Det blir ei løype på rundt 600 meter for dei minste og folk som ikkje har gått så mykje på ski. Den lengste løypa blir på 2,3 kilometer og er for dei som er litt meir komfortable på ski, seier initiativtakar Sigve Opedal. Foto: Privat
– Det blir ei løype på rundt 600 meter for dei minste og folk som ikkje har gått så mykje på ski. Den lengste løypa blir på 2,3 kilometer og er for dei som er litt meir komfortable på ski, seier initiativtakar Sigve Opedal.

– Eg veit framleis kor medaljen frå det skirennet er

Sigve Opedal elskar snø, vinter og å gå på ski. Laurdag føremiddag drar han i gong gratis skirenn i Sveio Golfpark for at fleire skal få opplevinga av å gå skirenn, stemning i startområdet og grilling.

Publisert Sist oppdatert

– Eg gjekk i 2. klasse då eg gjekk skirenn i Sveio sist. Eg hugsar enno kor stas det var, kor stolt eg var over medaljen. Eg veit framleis kor den medaljen er, seier Opedal.

Med det som bakgrunn har han hive seg rundt for å få til eit skirenn før snøen regnar vekk neste veke. Han lanserte ideen på ei gruppe på Facebook for tre dager sidan og etterlyste fleire frivillige som vil vera med.

Gode hjelparar

– Eg har aldri gjort dette før, men me skal får det til. Sveio Golfpark skal køyra opp løyper og halda grill og andre fasilitetar, Sveio idrettslag bidrar med diverse utstyr og marknadsføring, og Sveio O-lag låner ut start- og tidtakarutstyr. Eg håper me får til tidtaking i alle fall på den lengste løypa.

Opedal har levert skisse til korleis han ønsker løypene, og reknar med dei blir køyrt opp i dag (tysdag) slik at ein får frosten til å halda dei fine til laurdag.

To løyper

– Det blir ei løype på rundt 600 meter for dei minste og folk som ikkje har gått så mykje på ski. Den lengste løypa blir på 2,3 kilometer og er for dei som er litt meir komfortable på ski. Eg har spurt om golfparken kan laga doble spor i alle fall på den kortaste løypa slik at dei som treng litt hjelp gjennom løypa kan ha nokon gåande på sida av seg, fortel Opedal.

Når Vestavind ringer held han på med å telja startnummer som han låner av Sveio idrettslag.

– Det blir jo veldig spennande kor mange som kjem, men eg er ganske sikker på at det blir startnummer til alle. Medaljar er det ikkje budsjett eller tid til å skaffa, men idrettslaget har gitt meg ei eske med diplomar slik at alle får premie og eit minne frå kanskje sitt første skirenn.

Treng frivillige

Med så kort tid å arrangera det heile på, blir det ikkje kiosk, så folk må ta med seg grillmat og drikke sjølv. Men det blir uansett god stemning i start- og målområdet med musikk og spente deltakarar.

– Om det er nokon som vil vera frivillige kan dei melda seg via arrangementet som ligg ute på Sveio idrettslag si Facebookside. Der er det ei lenke til gruppa for dei som vil bidra, seier Opedal.

Omgangssjuke

At det blir veldig mykje arbeid fram mot laurdagens renn, bekymrar han seg ikkje for. Men det er eit lite men:

– Sonen min har fått omgangssjuke i dag, så no blir det å kryssa fingrane for at eg ikkje blir smitta. Om det skulle gå gale blir det far min som må overta. Både han og mor mi har meldt seg som frivillige. Eg har også fått med meg nokre kameratar. Me snakka om å arrangera skirenn i fjor haust, men eg trur det kom litt overraskande på dei at no skjer det, ler Opedal.

– Salamanderløp på ski

– Eg elskar slike initiativ, og det er klart at me skal bidra. Først og fremst med utstyr og marknadsføring. Me når mange i våre kanalar, og me har sendt ut e-post til alle våre 900 medlemmer. Eg ser ikkje vekk frå at det kan koma ganske mange laurdag. Dette blir som eit Salamanderløp på ski, så kanskje den neste e-posten eg sender blir oppmoding om å stilla som frivillig for å hjelpa Sigve, seier Lillian Rommetveit, dagleg leiar i Sveio idrettslag.

Vêrmeldinga for laurdag er nesten så perfekt som det går an å bli for eit skirenn. Delvis skya, så godt som vindstille og 4-8 minusgrader.

Powered by Labrador CMS