nyhende
— Eg trur det er bra mentalt, at ein gjer noko som kroppen strittar litt i mot.
Øystein Røynstrand Bonenberger badar utandørs nestan kvar dag, noko han byrja med rett etter pandemien starta. Me vart med på badetur til Førde.
— Eg byrja med dette i slutten av april i 2020 og haldt på nestan kvar dag fram til mars 2022. Då fekk eg fekk covid. Då vart det ein pause, seier Øystein Røynstrand Bonenberger.
Han har nettopp vist veg gjennom skogen til ein av sine faste badeplassar, ved Mørkavatnet rett sør for Førde.
Ifølgje kartet finnast det totalt fem vatn med liknande namn berre i Sveio, to av dei på kvar si side av Førdebygda.
Holet han har skore i isen har ligg nokre meter ut i vatnet, med god utsikt til bilistar på E39.
— Har du vorte lagt merke til av forbipasserande bilistar?
— Nei, det er berre kjentfolk som veit at eg badar der, seier Bonenberger.
Medan han gjer seg klar til sitt daglege bad kan ein sjå varmen dampe frå han, og det diskuterast både erfaringar og preferansar innan utandørs bading.
— Eg synast sjøvatn kjennast kaldare ut enn ferskvatn, men anar ikkje kvifor, seier Bonenberger.
Han hoppar uti uansett kva type vatn, men det er nok ferskvatn han trivast best i.
Og forutan sikkerheit rundt badinga, så bør ein også ha planen klar når ein kjem opp att.
— Det er viktigast med føtene, dei er kaldast, seier Bonenberger.
Mental styrketrening
Med nokre lette steg er han plutseleg over på isen, på veg mot holet sitt.
— Eg gjekk heldigvis ikkje gjennom, ler Bonenberger.
Utan problem glir han ned i vatnet og tar ein dukkert, før han vert liggjande å flyte på ryggen i nokre minuttar.
Når det vert dags å kome seg opp att følgjer han sitt eige råd og finn noko å stå på, medan han tørkar seg.
— Korleis kjennast det?
— Det er godt no, og det vert godt å få kleda på seg, seier Bonenberger.
Dette er noko han gjer nestan kvar dag, og han ser på det som noko styrkande både for kropp og sinn.
— Eg trur det er bra mentalt, at ein gjer noko som kroppen strittar litt i mot.
Badinga starta opp igjen i oktober etter nokre månaders pause grunna covid-sjukdom i mars. Han seier det er ein kjekk aktivitet å kome attende til.
— Om ein skulle kome over is-holet ditt og verte freista til eit bad, er det greit?
— Ja sjølvsagt, det er berre å hoppa i det, smilar Bonenberger.