nyhende
– Eg tenker me kan bli endå betre til å ta vare på naturen i Sveio
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Kjartan Moe Hustvedt, MDG.
– Store deler av 2025 var eg i pappapermisjon og all tida mi blei brukt med Elisabeth og familien. Me skryt, med rette, ofte av naturen vår i Sveio, eg tenker me kan bli endå betre til å ta vare på han. Eg sende ein interpellasjon om hummervernsoner i februar, kan hende blir det ein realitet i 2026?
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Det vil året visa, men saker som omhandlar dei yngste og dei eldste i kommunen og kva tilbod dei skal ha er viktige for meg. Eg tenker den nye barnehagen vil komma høgt på lista.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Eg tippar Jonas Gahr Støre. Eg trur ikkje det blir regjeringsskifte.
– Har du eit personeleg mål for 2026?
– Eg har eit mål om å bruka mobiltelefonen mindre og å lesa fleire bøker. Krim og biografiar er favoritten.