nyhende

I arbeidspraksis:

I arbeidspraksis: Randi Seline Grønfoss Haukås

– Eg syntes dette er veldig gøy og sosialt

Denne våren har Vestavind Dani Lukas Grunnevåg i arbeidspraksis. Han skal prøva seg på forskjellig, og vil mellom anna halda fram spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 8. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.

I arbeidspraksis

Namn: Randi Seline Grønfoss Haukås

Alder: 13 år

Bustad: Krossleite

– Kvar jobbar du?
– Eg jobbar på Haugli Bakeri i Sveio 

– Kvifor valde du denne jobben?
– Fordi det var nær skulen, og eg fekk jobbe saman med venen min, Vanessa.

– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Eg tek oppvask, ryddar bord, kuttar grønsaker, sopar golv, vaskar vindauge, fyller på i brusskapet og skjer brød.

– Kva likar du best med jobben? 
– Eg likar å kutta grønsaker og ta oppvasken. 

– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Nei, eigentleg ikkje. Det er ganske lette oppgåver.

– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje? 
– Ja, eg syntes dette er veldig gøy og sosialt.

Powered by Labrador CMS