nyhende
— Eg synest det er veldig kjekt at ungdomslaget har starta opp igjen
Astrid Sandvik er gjest i denne vekas «—Hei, sveibu!»-spalte.
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg er lærar for første klasse på Førde skule, og driv ein gard.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det er mykje fin natur som me kan bruka. Eg er glad i dei fine turmogelegheitene me har i Førde.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Nei, eigentleg ikkje.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det var første gong eg kom til Førde. Eg var veldig glad i naturen. Eg kjem frå innerst i Matrefjorden, og i Førde var det liknande landskap, men også flotte svaberg.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Eg vil framsnakke alle dei som driv med frivillig arbeid. Til dømes i korps, dei som jobbar med ungdomslag og aktivitetar for ungar. Eg synest det er veldig kjekt at ungdomslaget har starta opp igjen. Eg set pris på alt der ungar får aktivitetar.