Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Eg synest det er fine turområde i kommunen
Henry Sørbotn er vekas «Hei, sveibu».
– Kva gjer du til dagleg?
– Stort sett ingenting. Eg er pensjonist og har vore det i mange år.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det veit eg ikkje, men eg har vore her i 30 år, så det må jo vera bra.
– Er det noko du saknar i Sveio?
Annonse
– Eg er redd for at det kan bli det. Eg tenkjer på den puben ved sida av dykk (Midt i Leio). Der kjem det jo aldri folk, og det er jo ikkje positivt. Ein kan ikkje drive på den måten. Eg synest vi treng ein slik plass. Så folk må koma seg ut.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det veit eg ikkje.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
Annonse
– Eg synest det er fine turområde i kommunen, og det er jo positivt.