nyhende

– Industri, bygg- og anlegg og transport er store næringar her i regionen saman med handel- og servicenæringar. Så det er mye å velja i for dei som har lyst til å ha sikre, gode og samfunnsnyttige jobbar, seier Elisabeth Lie Nilsen. Foto: Grethe Nygaard
– Industri, bygg- og anlegg og transport er store næringar her i regionen saman med handel- og servicenæringar. Så det er mye å velja i for dei som har lyst til å ha sikre, gode og samfunnsnyttige jobbar, seier Elisabeth Lie Nilsen.

– Eg starta i oppvasken på Park Hotell då eg var 12 år

Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».

Publisert Sist oppdatert
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?

Faktaboks

Namn: Elisabeth Lie Nilsen

Alder: 55

Bustad: Haugesund

Yrke: Leiar på Nav Marked Nord-Rogaland

– Eg begynte på det som den gong heitte handel og kontor, for eg ønska noko som kunne få meg raskt i arbeid. Hadde planar om bilmekaniker, men rådgivar meinte eg var for teoretisk flink til det. Slik tenker ein heldigvis ikke i dag.

– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?

– Eg har tatt forskjellige typar fag etter kvart som eg har vore i jobb. Fag som eg synest har vore spennande for meg og den jobben eg har. Organisasjons- og arbeidslivspsykologi, kunnskapsleiing, personalleiing, endringsleiing i praksis og psykologi. Alt dette har vore kjempenyttig frå første dag fordi eg har jobba undervegs. Ein veldig kjekk måte å læra på.

– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?

– Eg jobbar som leiar i NAV Marked Nord-Rogaland, og jobb er blant anna å finna arbeidskraft til bedrifter som trenger det. Ein superkjekk jobb som ofte er veldig motiverande.

– Vegen dit starta i oppvasken på Park Hotell då eg var ca. 12 år. Eg hadde mange år i hotell- og restaurantnæringa og i band då eg var helt ung. Så fekk eg praksisplass på Arbeidskontoret, som det den gong heitte, før eg fekk jobb der. Deretter var jeg litt i barnevernet i kommunen, før eg var tilbake igjen og har hatt fantastisk mange kjekke jobbar i Aetat og NAV, som det no heiter. Mellom anna med IT-opplæring, CV-kurs og mange andre typer prosjekt både her, i Stavanger og i Oslo. Så det har vore mange spennande mogelegheiter her i NAV ut over å jobba som rettleiar.

– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?

– Bruk litt tid på å sjekka ut kva for yrke som faktisk finns – for eksempel på Jobbkompasset på Utdanning.no. Ikkje høyr altfor mye på mamma og pappa, eller vener. Men diskuter gjerne mykje med dei slik at du får tenkt litt gjennom ting. Ta gjerne nokre gratis interessetestar på nett, slik at du får sjekka litt ut kva som er i ditt interessefelt.

– Eg tok nettopp ein interesse/utdanningstest på Studentum.no, den var kjekk. Eg ble ei visjonær eldsjel! Hugs at dei fleste trivst best og passar best til å vera fine gjennomsnittsmenneske. Skal ein sikta veldig høgt med type utdanning og jobb, så må ein vera førebudd på at det vil ta mykje av tida i livet ditt slik samfunnet er no. Prøv å vera realistisk ut frå kor mykje av livet ditt du ønsker å bruka på utdanning og jobb.

– Kva yrke er det mest bruk for?

– Det er mange yrke me har bruk for for å få eit samfunn til å gå rundt. Sjukepleiarar, lærerarar og IT-personell er tre veldig store yrkesgrupper som kjem til å veksa enda mer. I Nord-Rogaland har me også stort behov for praktiske yrke innan industri, bygg- og anlegg og transport. Alle desse er store næringar her i regionen saman med handel- og servicenæringar. Så det er mye å velja i for dei som har lyst å ha sikre, gode og samfunnsnyttige jobbar.

– Om du ønsker å utdanna deg til noko litt meir spesielt i ein smalere bransje, så hugs å sjekka at det er slike jobbar der du kan tenka deg å bu, ellers må du kanskje villa starta din egen bedrift. Godt val!

Powered by Labrador CMS