nyhende

Ine Salte Andersen.FOTO: PRIVAT
Ine Salte Andersen.

— Eg skulle ønske at Sveio hadde fått ein fotballhall

Ine Salte Andersen er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.

Publisert Sist oppdatert

— Kva gjer du til dagleg?

— Eg jobbar som jordmor i Haugesund, og har stort sett kvardagane mine i nabokommunen. Fritida mi går med til logistikk i heimen, med fire ungar er det alltid noko å gjere! Eg er aktiv i idrettslaget og har vore leiar for fotballgruppa sidan 2019. Eg er glad i å trene og likar best å vere på farta.

— Kva er det beste med å vere sveibu?

— Som innflyttarar til kommunen har familien min og eg blitt godt tatt i mot. Nå har me budd her i snart 15 år. Sveio er ein flott kommune! Me har mykje å vere stolt over. Gode, trygge skular, ulike fritidstilbod til barn og unge, treningssenter og SPA, nærleik til sjø, natur og by.

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Eg brenn for barn og unge. Å ha arenaer som innbyr til fysisk aktivitet, kor ein får kjensle av tilhøyrsel og samhald, er førebyggande og ei direkte investering i barns helse. Eg skulle ønske Sveio IL hadde fått ein innandørs fotballhall kor me kunne trene i vintermånadane. Eg ser at motivasjonen minskar og risiko for fråfall er stor når treningstilbodet forsvinn desse månadane. Ein hall ville ha opna for mogelegheita til å arrangere cupar i vinterhalvåret som igjen genererer inntekter til idrettslaget.

— Kva er ditt beste Sveio-minne?

— Det må vere Kiwi Cup 2019. Det var ei fantastisk fotballfest! Me hadde omkring 500 barn og unge mellom 7-13 år som var aktive på banane våre. Nå gler me oss til Kiwi cup 2023 som blir 6. til 7. mai!

— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?

— Eg vil gje ei hyllest til trenarane, lagleiarane, seniorane og andre frivillige som stiller opp for barn og unge i Sveio Idrettslag. Dokker betyr mykje for mange!

Powered by Labrador CMS