nyhende
— Eg skal ikkje vidare. Sveio skal vidare!
Firemålsskårar Martin Sydnes (21) lovar å bli verande i Sveio IL i minst fem år. Og han trur på opprykk for raudtrøyane allereie neste år.
Martin Sydnes er utvilsamt vekas snakkis i fotball-Sveio etter sine fire mål på seks minuttar måndag kveld. Dei tre siste er truleg eit av dei kjappaste hat-trickene på Haugalandet i fotballhistoria.
— Det var kjekt. Det er ikkje meir å seie om det, seier han når Vestavind ber han beskrive opplevinga.
Håpar på fleire hat-trick
— Har du skåra mange hat-trick tidlegare?
— Det har eg ikkje peiling på. Men det var eit av dei første på A-laget. Så nå reknar eg med det blir fleire.
Han hyller medspelaran som sette han opp. Sydnes meiner å hugsa pasningane han fekk slik:
1-0 (30 min.): — Innlegg frå Mikal Fransson på venstre ving.
2-0 (33 min.): — Skot på mål, kor eg blir takla stygt i det eg skyt. Då trudde eg ankelen røyk, meg eg kom opp igjen.
3-0 (35 min.): — Lobbe-pasning frå Adam Musaev.
4-0 (36 min.): — Innlegg frå venstre frå Erik (Sydnes, storebror. red. merknad)
— Blir i minst fem år
21-åringen, som for tida tek desentralisert lærarutdanning, har ingen planar om å forlate Sveio for å prøve seg på høgare nivå. Men han vil hjelpe laget vidare, og sidan har no er student har han ei gladmelding til supportarane. Han vil bli i klubben i minst fem år.
— Eg skal ikkje vidare. Det er Sveio som skal vidare, seier han.
— Kva er det som gjer at du trivs så godt på dette Sveio-laget?
— Det er utruleg kjekke folk, og godt samhald i laget Eg gler meg til kvar trening, seier han.
Han synes også det er fint å sjå at spelarar som har prøvd seg på høgare nivå kjem tilbake. Mellom desse er broren Erik Sydnes, Øyvind Kirkeleit og Daniel Rommetveit.
Sveio sin snuoperasjon
Sveio starta sesongen på verst mogelege vis då dei tapte 12-0 borte mot Ølen i første seriekamp i april. Og våren vart ikkje slik spelarane ønska seg, med mange unødvendige poengtap. Men så har det smått om senn lausna. Fleire spelarar har kome til, og trenar Henrik Grasdal Larsen har fått sett ein fast første-elevar.
Måndag tok laget sin femte siger på seks kampar. Laget har ein teoretisk mogelegheit til å ta ein fin fjerdeplass. Men då må dei påføre seriemeister Kopervik-2 sitt første poengtap når karmøybuane kjem til Sveio kunstgras måndag.
— Me spelte uavgjort mot dei i fjor, med ein mann utvist i delar av kampen. Klart vi kan slå dei i år. Og rykker Kopervik-2 opp i år, ser eg ingen grunn til å at ikkje vi skal klare det same neste år, seier Martin Sydnes.