Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Eg saknar butikken i Auklandshamn
– Det beste med Sveio er at me kan bu på bygda, men samstundes ha kort veg til både Haugesund og Stord, seier vekas «Hei, sveibu».
– Eg er rektor på Auklandshamn skule. Det trivest eg godt med, saman med kjekke elevar og tilsette.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det er å bu på bygda, men samstundes sentralt. Me har kort veg både til Haugesund og Stord.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg saknar nærbutikken her i Auklandshamn. Særleg fordi eg har arbeidsplassen min her i bygda, merkar eg godt i det daglege at me ikkje lenger har butikk her. Eg vil også sakna barnehagen på Bua dersom den blir nedlagd.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera oppveksten i Førde og åra på Førde skule. Og somrane på Fagerland. Det var ei fin tid.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg vil framsnakka alle elevar, foreldre og tilsette ved Auklandshamn skule.