nyhende

Torleif Bjelland er pensjonist, men har hendene fulle med å engasjera seg for Sveio IL.
Torleif Bjelland er pensjonist, men har hendene fulle med å engasjera seg for Sveio IL.

– Eg og mange andre har kjempa for det i mange år

Denne vekas sveibu er ein med mykje engasjement.

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Torleif Bjelland

Bustad: Bjelland (verdas beste stad å bu)

Alder: 74 år

– Til dagleg er eg pensjonist, men er veldig engasjert på fritida i Sveio idrettslag. For tida er det prosjektet med nytt påbygg til Sambrukshuset, og «Torsdagkvelds» og tirsdagsdugnaden kor me er 25 som jobbar med hus og idrettsanlegget, som det går mest tid til.

– Kva er det beste med å vera sveibu?

– Det beste med å vera sveibu må vera at det er ein trygg og god kommune å bu i både for ung og gamal.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– For min del så saknar eg ikkje noko spesielt. Eg synest me har det meste av det som me treng.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Når det gjeld gode Sveio-minner har det eigentleg vore mange frå opprykk i fotballen til opning av idrettsanlegget. Det siste gode minnet var då lysa vart tente på vegen, og ikkje minst på sykkel- og gangstien frå Sveio til Bjelland. Det har eg og mange andre vore med å kjempa for i mange år.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Det og dei eg vil framsnakka er dei tilsette ved Sørbakken på Omsorgssenteret, som alltid er like blide og tålmodige uansett om dei har ein travel kvardag. Og så vil eg framsnakka frivilligheita, spesielt i Sveio ILL kor trenarar, oppmenn, seniorgjengen osv gjer ein heilt fantastisk innsats på fritida si.

Powered by Labrador CMS