nyhende
— Eg likar å stella med både dyr og planter
Brit Oddrun Stuve er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.
— Kva gjer du til dagleg?
— Driv gard på Tjernagel saman med mannen min, Helge L. Reinertsen. Me slit litt med helsa begge to, så me har redusert drifta noko dei siste åra. Men me har framleis både ammekyr og sau, slik at me kan ta vare på kulturlandskapet. Eg likar å stella med både dyr og planter. Dyrkar grønsaker og urter i kjøkkenhagen min.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det må vera å kunna bu så fritt og fin som me gjer her på Tjernagel. Dei flotte solnedgangane, fjorden, og det fine kulturlandskapet med dyra våre beitande rundt.
— Er det noko du saknar i Sveio?
—Kan ikkje seia at eg saknar så mykje. Men me kunne godt hatt ein betre vegstandard, spesielt fylkesvegen skulle vore breiare og tryggare å ferdast på. Me er avhengige av kjøra bil slik me bur til.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det var vanskelig, har mange flotte minne frå Tjernagel, garden vår og fjorden. Det må nok bli fisketur på fjorden, ein fin sommarkveld saman med familiemedlemer, blikkstille og med ein nydeleg solnedgang.
— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
— Alle bønder i Sveio, både dei store og dei små. Som står på kvar einaste dag, steller godt med dyra sine og held kulturlandskapet med beitedyr. Dette gjev Sveio eit flott landskap.