nyhende

Sjukehuspresten Valborg Sinnes, som jobbar på Stord sjukehus, men bur i Sveio. Ho har mange minne og refleksjonar knytte til påskehøgtida. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Sjukehuspresten Valborg Sinnes, som jobbar på Stord sjukehus, men bur i Sveio. Ho har mange minne og refleksjonar knytte til påskehøgtida.

— Eg kjenner at denne påska vert veldig spesiell, og eg kjem til å ha offera med meg i tankar og bøner.

Kva legg du i påskehøgtida, og kva gjer påska spesiell for deg? Sjukehusprest Valborg Sinnes fortel om sitt personlege tilhøve til høgtida som står for døra.

Publisert Sist oppdatert

Eit av dei største påskeminna hennar gjer framleis sterkt inntrykk på henne.

— Eg hugsar ei hending som skildrar godt kva påske er for meg. Det skjedde på ei av avdelingane her på Stord sjukehus for nokre år sidan. Ei eldre dame hadde fått bodskapen om at ho skulle døy. Ho hadde kreft og var veldig sjuk, men ville så gjerne ha nattverd før ho gjekk bort. Eg kom med nattverdskofferten og dekte nattverdsbordet. Me snakka saman undervegs, og eg gjennomførte nattverdsliturgien. Eg gav henne brødet og vinen, men idet ho skulle drikka frå begeret med vin, såg eg ei tåre trilla nedover kinnet hennar og oppi vinen, seier Sinnes og legg til:

— Det er den største påskeopplevinga eg har hatt, og for meg symboliserte dette eit møte mellom sorgene våre og Jesu blod; at Hans daude og oppstode møter dei uroene og sorgene eit menneske ber på.

Rundt halsen hennar heng eit langt smykke med ein kross. På nært hald ser ein eit lite hjarta stikka ut frå den eine sida av krossen.

— Eg kan nesten ikkje gå jobb utan dette smykket. Hjarta er eit symbol på Jesu fordomsfrie kjærleik, seier Sinnes.

Det vonde i verda

Den humanitære krisa som har herja i Europa sidan februar, har vore brutal og sett folk i naud. Sinnes kjenner difor at påska vert noko annleis i år.

— Me er inne i ei forferdeleg og alvorleg tid med tanke på krigen i Ukraina, så eg kjenner at denne påska vert veldig spesiell, og eg kjem til å ha offera med meg i tankar og bøner.

Trass i at vondskap, vald og brutalitetar pregar verda, opplever Sinnes at trua gjev henne tryggleik og stabilitet. «Det vondes problem», som det ofte vert kalla, svekkjer ikkje trua hennar. Snarare tvert imot.

— Mange lurer på korleis ein kan tru på Gud når det skjer så mykje vondt i verda, men eg spør heller: Korleis kan ein lata vera å tru? Korleis kan ein avskriva Gud i ei verd der det skjer mykje vondt? Me er ikkje overlatne til oss sjølv. Gud er der for oss når me har det vanskeleg.

Påskeaftan – eit tomrom

Både skirtorsdag, langfredag, 1. påskedag og 2. påskedag er heilagdagar med kristeleg innhald.

Sinnes fortel at dagen som kjem midt i denne rekkja av heilagdagar, nemleg påskeaftan, representerer eit slags tomrom:

— Mellom påskedagane kjem påskeaftan, tomrommet, der me ikkje veit kva som skjer. I moderne tid har me gjort påskeeggjakta til ein påsketradisjon denne dagen, men reint liturgisk er dette ein dag der me ikkje veit kva som ventar. Som i livet elles, veit me eigentleg ikkje noko om kva som kjem. Me kan berre vona, seier Sinnes.

— Kva handlar påska om for deg?

— For meg handlar det om at Jesus møtte oss fullt og heilt som menneske, at han døydde for oss på krossen og stod opp att for at me skulle få von og æveleg liv. Det er denne forteljinga som skaper grunnlaget for kristendomen og kristentrua.

Tradisjonar

Påsketradisjonane i Noreg skil seg noko frå tradisjonane i ein del andre europeiske land.

— Då eg var i Roma for nokre år sidan, var det midnattsmesse natt til 1. påskedag. Folk gjekk ut med ljos i hendene, og det ringde frå alle kyrkjene i heile byen.

Sinnes har òg opplevd å vera i St. Petersburg under påskehøgtida.

— Me budde på hotell og observerte byen frå hotellrommet. Seint på påskeaftan strøymde folk ut frå hus og heim med lange ljos i handa, på veg til næraste kyrkje.

Ifølgje sjukehuspresten er både skirtorsdag og langfredag vanlege arbeidsdagar i fleire land.

Ord til lesaren

— Kva planar har du for påska?

— Påska tyder mykje familiesamvære. Me har ei familiehytte i Sirdal og tek truleg turen dit i år. Eg har òg lyst til å få med meg gudstenesta 1. påskedag, for ingenting er meir fantastisk enn påskedagsgudstenestene i Sveio, seier Sinnes.

— Har du nokre ord du ynskjer å formidla til lesarane av Vestavind?

— Me lever i ei verd, der me ikkje veit korleis ting endar. Me lever i uvisse, men me må vona at det skal gå bra, og den vona kjem Jesus med. Eg vonar at me denne påska kan ha tru til Gud og setja vår lit til Han, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS