nyhende
— Eg hugsar ein kveld Vigdarvatnet var så varmt at me måtte på land for å kjøle oss ned.
Gry Kirstin Karlson er dagens gjest i spalta «—Hei, sveibu!».
— Kva gjer du til dagleg?
— To dagar i veka jobbar eg på miljøstasjonen i Sveio, kor jobben min består av å rettleie kundar og sørgje for at alle fraksjonar avfall vert handtert og behandla riktig. Elles trivst eg veldig godt i gravemaskin. Resten av veka brukast til å drifte stutteriet heime på garden. Eg er også forfattar. Bokskrivinga går i rykk og napp, alt etter årstid og kor travelt eg har det.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det første som slår meg må vere naturen. Her har me både fjell, vatn og kyst.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Eg skulle gjerne hatt både Felleskjøpet og Biltema her. Og det hadde vore koselig med ein kino.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det må vere den sommaren då det var over 30 gradar i dagevis. Eg hugsar ein kveld Vigdarvatnet var så varmt at me måtte på land for å kjøle oss ned.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Alle dei som held hjula i gang. Til dømes brøytebilsjåførane som jobbar på spreng om nettene mens me andre søv under dei varme dynene våre. Og sjåførane som køyrar rundt i alle kroker for å hente bosset vårt. Og dei bak kassa på Extra og Kiwi som held ope når man plutseleg vert godtesjuk om kvelden, eller har gløymt å kjøpe mjølk.