nyhende
– Eg har kjent på mykje skam over ikkje å prate halling
Då Erik Solbakken debuterte som programleiar på NRK, var det ingen som kunne høyre at han er frå Hemsedal. Det gjekk ikkje lenge før kommunen ringte og tilbaud tv-kjendisen sin dialekthjelp.
– «Skal vi se … Hva er det som frister her, da tro …»
Han granskar menyen:
– «Jeg kjører en Cæcar-salat med kylling, jeg. Det funker alltid!»
Han vaks opp i Hemsedal, med mora Kjellaug (frå Hemsedal) og faren Alf Erik (frå Sandefjord), tre sysken, 25 mjølkekyr, 75 spelsau og 12 dverghøns. Somrane var stølsliv og kvardagane fylt med skule der han fekk all verdas kunnskap inn på nynorsk.
Alt låg til rette for at sambygdingane skulle få hundrevis av timar med språkleg Hemsedals-reklame då Solbakken debuterte som programleiar i barne-tv. Men då lysluggen opna munnen på skjermen, vart mange skuffa: Guten høyrdest jo ut som han var frå Oslo!
– Mamma var fortvila
Rett nok krydra Solbakken austnorsken med eitt og anna «mjølk» og «ikkje» i starten – det var slik han kom seg inn i NRK på dialektkvoten – men også desse orda forsvann fort. Til slutt såg ikkje heimkommunen anna råd enn å ringe tv-kjendisen og tilby han dialektlærar. Dei var ikkje dei første som prøvde:
– Mamma pratar kav halling. Ho var fortvila over at eg og syskena mine brukte bokmål. Då eg gjekk på ungdomsskulen la ho 500 kroner på bordet og sa at den av oss som gjorde ein skikkeleg innsats for å legge om til halling, skulle få dei. Og 500 kroner, det var mykje for ein gjerrig kar som meg, ler Solbakken.
Skjult identitet
Han vart ikkje rikare. Til det var truleg påverknaden frå jamaldrande for stor. I klassen var det berre to-tre elevar som prata halling. Alt dette fortel Solbakken sjølvsagt på strigla austnorsk.
– Eg har kjent på mykje skam over ikkje å prate halling, seier han.
I røynda høyrest Solbakken slik ut då han heldt fram:
– «Når du får unger, og også har en synlig jobb i media, er identitet ekstra viktig, og jeg er bare blitt mer og mer halling i sjela. Derfor skulle jeg også ønske at jeg hadde en identitet som halling utad!»
New Yorkar i hjarta
Sjå for deg ein ung gut som kjenner seg som ein rappar frå New York, medan han utanpå framstår som ein vanleg kar frå Lørenskog. Det er slik Erik Solbakken, mellom munnfullar med kyllingbitar, seier han har det med språk. For folk som ikkje kjenner han, både ser og høyrest han ut som ein litt over snittet morosam Lyn-pappa frå Tåsen i Oslo.
– Når eg møter nye folk, fortel eg ofte uoppmoda at eg er frå Hemsedal, fordi det implisitt seier ein del andre ting om kven eg er. Å prate halling hadde vore ein mykje kulare måte å vise at eg er halling på.
– Den gode miksen i samfunnet handlar jo ikkje berre om religion eller hudfarge. Slik sett ville det vore eit viktig bidrag til mangfaldet om ein Lyn-pappa lira av seg nokre saftige hallingfrasar frå sidelina. Kanskje er det enno ikkje for seint å legge om – men det kjennest som om det er det.
– Jaurå, jaurå
Han er på grensa til å bli stille no.
– Kunne du ha prata halling no?
Solbakken legg bestikket resolutt frå seg og hovudet ei aning på skakke:
– «Jarå, e kan skravle halling, e prata halling som berre det e, e har jo gjort det på revvy og slik – og det e mykje lettar når e prata med are hallinga, så jaurå, jaurå», seier han skøyaraktig.
Det etterfølgjande sukket er tyngre:
– «Men som du hører, har jeg revy-hallingen inne. Jeg tror jeg mangler sjøltillit på at jeg kan halling godt nok, og er nok noe miljøskada. Når jeg skal være morsom, ja, med en gang jeg prater halling, så blir jeg han figuren som kommer inn i banken med fjøsstøvlene på».
Snobbar og skivebom
Slik sett er jo Solbakken den siste til å bli overraska over fordommane som finst mot dialektbrukarar. Å bli mistenkt for å vere jovial og kantlaus om ein pratar halling, er rett nok ikkje av dei kjipaste. Då er det verre for dei som har ei dialekt som blir assosiert med at ein er dum eller grådig. Eller som Solbakken sjølv har kjent på når folk trur han er frå Oslo vest: At han er ein skikkeleg snobb.
– Svogeren min er frå Toten, og då han og ni andre skulle slutte i jobbane sine i Oslo, heldt sjefen taler. Til Joakim sa han berre «Ja, og så var det totningen vår, da. Og suddelatten-duddelatten-di!» Det var heile tala han fekk. Ha-ha! Sjefen skulle nok vere koseleg – men ein kjem jo inn med dei fordommane ein har. Eg har forresten ei venninne frå Østfold som jobbar i NRK. Det er kjempebra at dei har fått inn ei smart dame du kan høyre er frå Østfold, utan at ho har på Raymond-bremmen.
Norsk på norsk
Og vips, er me attende til statskanalen, som dei siste åra har sleppt til dialektar frå heile landet. Solbakken har fått med seg debatten der somme meiner dialekt ikkje høyrer heime i nyheitssendingar. USA-korrespondent Lars Os frå Lesja med sine «kess» og «kessen» er ein av dei som har fått køyrt seg:
– Den debatten er skivebom. Jo meir Lesja eg høyrer frå Washington, jo gladare blir eg. Språket i rikskringkastinga sender viktige signal, og folk har jo dialektar!
– Somme meiner det er vel så viktig at nyheitsreporterar nyttar normert nynorsk, slik at folk får høyre den i dagleg bruk?
– Jau. Men me må vurdere kva som er mest berekraftig for framtida. Å vente at Nynorsk mediesenter skal klekke ut 30 journalistar kvart år for å fylle nynorsk-kvoten i NRK, er utopi. Det finst derimot mange komande journalistar som pratar dialekt. Alternativet til at folk får prate dialekt i NRK, er difor ikkje meir normert nynorsk, men at det blir endå meir austlandsk i monitor.
Surmaga vs mild
Han blir sittande å tygge på både tanken og eit slapt salatblad. Seier det han saknar aller mest, er å bruke dei enkle orda i halling, slik som «e» og «ikkje».
– Halling er mildt og rundt og smilande, medan austlandsk er hardt og meir surmaga. «Jeg! Vil! Ikke!», illustrerer han.
– «Kjærlighet» er barnsleg. Kjærleik, derimot, er poesi».
Solbakken seier han er misunneleg på dei som har og brukar dialekt. Siste gongen han sjølv brukte halling til kvardags, er over tjue år sidan. Då sat han på T-banen i Oslo og hamna i bilettkontroll.
Snakka seg frå bot
– Eg hadde ikkje billett, og såg at mange fekk bot. Då turen kom til meg, køyrde eg revyhallingen og snakka så treigt eg berre kunne: « Billett?! Du, det e fysste gongen e e her i by’n – e trudde det kom ein som sku ha peng, e ..? Ikkje det? Hæ? Ko si’ru?» Eg køyrde på med masse dumme spørsmål. Til slutt gav kontrolløren opp og bad meg om å gå – utan bot.
– Ha-ha! Og slik blir også fordommar skapt?
– Ja. Det er nettopp det dei blir, seier Solbakken:
– « Men jeg var jo i en veldig pressa situasjon».