nyhende

Evy Jane Kjønø. Foto: Privat
Evy Jane Kjønø.

– Eg har fått høyra at eg som innflyttar måtte bu her i 50 år før eg fekk kalla meg sveibu

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Evy Jane Kjønø

Alder: 66 år

Bustad: Austre Kringsjå

– Eg er pensjonist som nyt livet, med litt arbeid innimellom.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Eg har fått høyra at eg som innflyttar måtte bu her i 50 år før eg fekk kalla meg sveibu. Det beste må nok da vera at ein siddis no er blitt ekte sveibu.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, eg saknar ingen ting. Eg er takknemleg for familie, venner, naboar, storslått natur og mange fine plassar å bada.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det er vanskeleg å plukka ut eitt minne med så mange flotte minne som eg har. Eg vil likevel nemna ein 17. mai på gamle Sveio bedehus seint på 1990-talet, trur eg. Der viste Trygve Kinn flotte naturbilde frå heile Sveio då me sang «Fagert er Landet», «Sveio sangen» og «Ja vi elsker» med fleire. Dette var før teknologien skaut skikkeleg fart.

– Kven i Sveio vil du framsnakka og kvifor?
– Det er mange å framsnakka, men eg vel å framsnakka svigersonen min, Ørjan Våga. Han er ein grepa kar, som eg set stor pris på. Han stiller alltid opp og gir en hjelpande hand, han fotjener en stor takk.

Powered by Labrador CMS