Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Eg har alt eg treng her i Sveio
Emilie Kvalvågsnes Guddal er vekas «Hei, sveibu».
– Eg har sommarjobb på Skattekammeret, som eg trivst godt med, samtidig som eg spelar fotball med FKH.
– Kva gjer du til dagleg?– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Me har kort veg til alt. Det er eit tett nærmiljø sosialt, og ein kjenner alle. Og sjølvsagt dei kjekke folka her i Sveio.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg har alt eg treng her i Sveio. Om ein manglar noko, kan ein berre køyra til Haugesund.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Då eg kom til kretsfinalen i fotball med Sveio idrettslag, der både eg og venene mine var på same lag.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Familien og besteforeldra mine. Dei er viktige for meg og har vore viktige gjennom fotballkarrieren min.