nyhende

– Eg hadde inga aning om skuleval etter ungdomsskulen, fortel Even Vikse. Her med ein styrmannaspirant Brage (2) på fanget. Foto: Privat
– Eg hadde inga aning om skuleval etter ungdomsskulen, fortel Even Vikse. Her med ein styrmannaspirant Brage (2) på fanget.

– Eg har alltid likt meg på sjøen

Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».

Publisert Sist oppdatert
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?

Yrkesval

Namn: Even Vikse
Alder: 35
Bustad: Vikse
Yrke: Styrmann

– Eg hadde inga aning om skuleval etter ungdomsskulen. Var på yrkesmesse der ein lærar frå akuleskipet M/S «Gann» var og snakka på stand. Det var inspirerande. Sidan eg alltid har likt meg på sjøen, i tillegg til at det virka spanande å flytta bort på skule, vart det M/S «Gann». Der gjekk eg eit år på grunnkurs mekanisk og eit år på VK1 sjøfartsfag. Etter det var eg to år i lære i Solstad offshore og fekk fagbrev som matros.

– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?

– To år teknisk fagskule i nautikk på Karmsund vidaregåande skule. Og eit år som kadett i Solstad. Eg forsette å segla for Solstad i ti år til der eg først var på forsyningsskip og dei siste åtte åra på ankerhandteringsskip.

– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?

– Er nå ei elektrisk ferje i Boreal kor eg trivast godt og dagane går fort. Der byrja eg for 2 år sidan og passar betre for familielivet fordi eg er oftare heime.

– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?

– Vel noko du tror du kan bli god i og trivast med å gjera. Ta val for deg sjølv og ikkje for nokon andre.

Powered by Labrador CMS