nyhende
– Eg håpar verkeleg at me klarar å vedta ein ny framtidsreita plan for Sveio
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Jarle Jacobsen, KrF.
– Det må være at me fekk innført fritidskortet for unge mellom 11 og 15 år. Ei kjempeviktig ordning som me håpar dei fleste i aldersgruppa nyttar seg av.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Det er litt vanskeleg å svara på dette nå, men eg trur det må bli det videre arbeidet med kommuneplanen. Eg håpar verkeleg at me klarar å vedta ein god ny framtidsreita plan for Sveio i løpet av 2026.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Artig spørsmål, men eg trur Sylvi Listhaug fort kan bli statsminister før me går inn i 2027. Når me nærmar oss kommune og fylkestingsval trur eg det er sannsynleg at Senterpartiet bryt ut av Tutti Frutti-samarbeidet.
– Har du eit personeleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Målet mitt i 2026 er å bli godt kjent med familiane til to av våre komande svigersøner. Dette gler eg meg til!