nyhende
– Eg håpar eg kjem til å læra å lesa
Frå onsdag blir det ei ny tid for Kasper Tynes Halleraker. Han tar til i 1. klasse på Sveio skule, der han håpar kan få læra å lesa. Og i friminutta vil han gjerne svinga seg i jungelløypa.
Det er snart skulestart, men akkurat det ser Kasper Tynes Halleraker (6) ut til å ta med ro. Han har aldri gått på skulen før, men veit at det er litt leiker i skulegarden, slik som føyser, jungelløype og klatrestativ. Han har leika der fleire gonger, og har no lært seg å svinga frå eitt dekk til eit anna.
– Veit du kva læraren din heiter?
– Tja, eg hugsar ikkje alt, men ho heiter Benedicte. Ho begynner på B, seier den sjarmerande guten, som kan fortelja at han skal gå i B-klassen. Og attpåtil skal han gå i klasse med ein venn som heiter Birk.
– Ein heiter Marius, men eg veit ikkje kven han er, forklarar 6-åringen, som har lese gjennom namnelista med foreldra.
Oppfinningar
– Har du vore på besøk på skulen?
– Eg har vore inne. Tavla er ei el-tavle, som ein skjerm, med straum inni, seier Kasper.
I slutten av juni fylte han seks år, nokre dagar seinare blei han storebror til vesle Ida. Å spela Minecraft og byggja med Lego er ting han likar å ta seg til. I sommar har han også jobba med å finna opp ting.
– Eg laga ei oppfinning som skrur av vasken. Eg brukte strikk og mange blyantar. Når ein tok opp krana, gjekk den ned igjen av seg sjølv, fortel Kasper stolt.
Vidare kan den oppvakte 6-åringen fortelja at han har laga ein type lim.
– Eg brukte soyamelk, vatn og knust jordnøtt. Det blei lim, og limar godt, fortel den kreative guten, som likar å samla på ting han finn, i tilfelle det kan komma til nytte.
Agurk og makrell
– Trur du det kan bli vanskeleg å sitja i ro på skulen?
– Eg kan sitta i ro lenge. Eg kan til og med halda pusten lenge. Sjå! seier Kasper, og held pusten.
I sommar har han hatt tid til å stella med planter og fiska fisk.
– Eg har til og med agurk på agurkplanten min. Eg har grodd den sjølv, eg har to faktisk, utbryt Kasper, og viser ei mini-agurk på eine planta som står i stova.
Fisketuren han hugsar best var i lag med farmor og farfar.
– Eg fekk fisk på farmor sitt snøre. Det var ein makrell, den nappa godt. Eg har spist makrell til middag i dag, seier Kasper, som har mykje å fortelja.
– Oldemor elskar makrell. Ho heiter Nora, legg han til.
Frå eldst til yngst
6-åringen som bur i Sveioåsen har gått gradene i Sveio barnehage. Frå å vera minst på avdeling Stjernene, til størst på Universet.
– Kva trur du at du kjem til å læra på skulen?
– Eg håpar eg kjem til å læra å lesa.
– Veit du kva du skal ha på deg på første skuledag?
– Eg skal ha zombie-sokkar og nye skulesko. Det er blinkesko, seier Kasper.
T-skjorte skal han også ha på, men det er ikkje heilt avgjort kva for ei det blir. Det står mellom to motiv – Minecraft eller Svampebob.