nyhende

Dagfinn Bjørge på farten.
Dagfinn Bjørge på farten.

– Eg er svak for bygdene våre

Denne vekas sveibu er auklandsbu Dagfinn Bjørge.

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Dagfinn Bjørge

Alder: 62

Bustad: Auklandshamn

– Eg jobbar 40 prosent i kommunen, og elles er det litt «tutling» på fritida, kor eg også er engasjert i bygdalaget. Likar elles å følgja med det som rører seg rundt om.

– Kva er det beste med å vera sveibu?

– Det er vel eigentleg folkeslaget. Folk verkar både inkluderande, kjekke og hyggelege. Det er så koseleg å møta på folk, og eg er svak for bygdene våre. Eg ynskjer at me skal kunna leva godt, og då kjem eg alltid inn på å ha ein god skulestruktur.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– Me har vel eigentleg det meste, men gjerne meir utvikling i Førde-området, og gjerne knytta til ulike sørvisfunksjonar. Det me har allereie må me i alle fall hegna om. Og betre vegar rundt om.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Eit jysla godt spørsmål. Det må nok vera i samband med skuledebatten for nokre år sidan, med engasjement frå bygdafolk i store deler av kommunen. Det var noko som absolutt festa seg som eit utruleg sterkt minne.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Det kunne ha vore mange. Sidan me nett er ferdige med valet vil eg gjerne framsnakka Linn Therese Erve. Ho har vore ein god ambassadør for kommunen vår. Og så vil eg nemna dei mange frivillige som gjer ein stor innsats over alt i kommunen, i lag og organisasjonar. Dei er «usynlege» og kjem aldri fram i rampelyset kan ein seia.

Powered by Labrador CMS