nyhende
Sveio-butikk med på nasjonal miljødugnad:
— Eg er positivt overraska over at det har kome inn ein del avfall allereie
Store mengder plast og farleg avfall flyt i naturen. No vil Coop Noreg få til ein nasjonal ryddedugnad, og Extra-butikken i Sveio er med på å dra lasset.
Den 23. april melde den nasjonale ryddeaksjonen «Coop rydder Norge» sin pangstart, og det med gode grunnar:
— Forsøpling i naturen er eitt av dei største miljøproblema i vår tid. Me vil gjera det så enkelt som mogleg å delta i ryddeaksjonar og ta i eit tak for miljøet, seier Per Løberg Eriksen, som er berekraftansvarleg i Coop Noreg.
Aksjonen er organisert slik at eit stort utval Coop-butikkar i landet disponerer gratis avfallssekkar og arbeidshanskar. Dei som ynskjer å vera med på å rydda lokalområdet sitt for avfall, kan gå til næraste Coop-butikk og henta ryddeutstyr der.
Når ein har fylt ein sekk med avfall, kan ein returnera denne i containerane utanfor Coop-butikken ein henta ryddeutstyret på.
Overraska
Evelyn Nedrebø, som er assisterande butikksjef på Extra i Sveio, fortel at ho stiller seg positiv til aksjonen dei no er med på. Idet ho tek ein nærare kik på det som har hamna i containeren utanfor butikken så langt, får ho seg ei overrasking.
— Dette var ikkje verst. Eg er positivt overraska over at det har kome inn ein del avfall allereie. Det ser ut til at folk er godt i gang med ryddinga, og eg vonar det kjem inn endå fleire sekkar, seier Nedrebø.
Samfunnsansvar
Løberg Eriksen i Coop Noreg meiner ryddeaksjonen vil ha mykje å seia for lokalmiljøa rundt om.
— Eitt av måla er å fjerna all uturvande emballasje frå butikkane våre. Kundane våre skal vera trygge på at me, ved sida av å driva gode butikkar, tek ansvar for påverknaden drifta har på samfunnet rundt oss.
Aksjonen er eit samarbeid med konsernet Norsk Gjenvinning og vert avslutta den 30. april.