nyhende
Mange har støtta opp om innsamlingsaksjonen:
– Eg er glad for at mange kan hjelpa
Andreas Våge Aspevik (11) har eit varmt hjarte. Han forklarar at mange har vore så snille med han, det gjer at han også vil vera snille med andre. No er det Andreas som får morosame klovnar i godt humør, for han og mange andre har donert ein stor pengesum til dei.
Ein onsdag føremiddag, medan søskena er på skulen, er mellomguten Andreas heime i Sveioåsen og ventar på at heimeskulen skal komma. Han og faren skal akkurat til å spela eit slag idiot i det me kjem, litt forseinka.
– Hei, Andreas, har du venta på meg no? spør underteikna, litt unnskyldande.
– Hei, nei, me skulle akkurat til å spela kort. Kan du få med at eg har fått ein song, spør 11-åringen forventningsfullt. Han har vore på både Dagsrevyen og NRK Super, utan at nokon har hatt høve til å få akkurat dét med, sidan det eigentleg er Andreas sitt engasjement for Sykehusklovnene han har blitt litt kjend for no i det siste.
Bella
For å fortelja denne historia, må me først tilbake i tid. Då Andreas var 8 år, fann legane ut at han hadde ein alvorleg kreftdiagnose. Etter ein spesielt tøff behandlingsrunde, fekk han lov til å kjøpa seg ein hund, akkurat slik som han ønska seg – med lovnad frå familien om at dei skulle vera med og passa på den.
Den vesle, kvite hunden som tassar rundt på golvet, og som sidan søkjer seg opp i benken og finn seg til rette der, heiter Bella. Andreas forklarar spøkefullt at han er hundebestefar også, for Bella fekk for ei stund sidan fire søte kvalpar.
Tre i nærleiken
– Me hadde lyst til at kvalpane skulle vera nær oss, derfor har me solgt dei til kjende for redusert pris – ein til Andreas sin kompis, ein til tanta og ein til mormora. Men den tøffaste av dei, har fått ny eigar i Bergen, forklarar mamma Åshild.
For salet av den eine hunden får han akkurat kjøpt seg ein flytur, noko han synest er utruleg kjekt. Men sidan det var nokon som kunne ta Prins til seg for full pris, kom det rett og slett ein del pengar inn på Andreas sin konto. Men guten kan ikkje tenka seg å behalda heile overskotet sjølv.
I klisteret
– Eg tenkte eg kunne gi noko tilbake til Sykehusklovnene. Sidan dei har vore så gode med meg, vil eg gi noko tilbake, forklarar han. For dei fargerike og artige klovnane har han møtt på mange gonger, både på sjukehus og heime i stova. Og dei får han i godt humør, gong på gong.
– Dei fekk meg til å le, og var skikkeleg morosame, seier Andreas om første gongen han møtte dei. Ein gong teipa dei den unge guten inne, slik at han sat «skikkeleg» i klisteret – med legeteip.
NRK på besøk
Dagen Prins reiste til Bergen, var både Tito, Trude-Litt på besøk i lag med eit lite filmteam frå NRK Dagsrevyen. Medan kamera gjekk, overraska han klovnane med å seia at dei skulle få 10 000 kroner til arbeidet dei gjer, frå salet av Prins.
Andreas synest det er fint at salet av ein kvalp har ført til at så mange også ville støtta dei tullete klovnane, som betyr så mykje for han, og mange andre alvorleg sjuke barn, for gåvestraumen stoppa ikkje der.
Enorm støtte
Då den vesle hunden var reist og pengane var kome inn på konto, oppretta foreldra ein innsamlingsaksjon på Facebook, der kven som helst kan gi støtte. Med Andreas sine 10 000 kroner inkludert, sette dei eit mål om å nå 15 000 kroner. Men det tok heilt av, pengane strøymde inn. På få dagar var det til saman over 100 000 kroner i potten.
I skrivande stund har 439 givarar donert over 118 000 kroner.
– Det får meg til å smila. Mange folk der ute vil donera og hjelpa Sykehusklovnene. Eg er glad for at mange kan hjelpa.
– Kva håper du klovnane bruker pengane til?
– Kanskje dei kan komma oftare til Haugesund, og til Stavanger, seier Andreas. For på sjukehuset i Stavanger har dei ikkje slike klovnar i det heile tatt. På Haugesund sjukehus er dei innom for å muntra opp barn omtrent éin gong i veka.
Rockesong
Nå må me ikkje gløyma songen, som handlar om 6. klassingen.
– Eg har ein song som heiter Main Man, som pappa sin venn laga til meg. Inntektene går til Barnekreftforeningen, så eg håpar at den kan bli avspelt mange gonger, og får mange likes, seier Andreas. Bandet kom ut med songen våren 2019, og har lova at inntekter frå streaming og radio skal gå til Barnekreftforeningen.