Benedikte Dale.

– Eg er ganske nøgd med slik det er i Sveio no

Benedikte Dale er denne vekas «Hei, sveibu».

Publisert

– Kva gjer du til dagleg?

– Eg jobbar som sjukepleiar på Sveio omsorgssenter.

 –  Kva er det beste med å vera sveibu?

– Eg trur det må vera miljøet. Alle kjenner alle, samstundes som me har eit 

 – Er det noko du saknar i Sveio?

 – I grunnen ikkje. Eg er ganske nøgd med slik det er i Sveio no. Me har litt ulike butikkar og tilbod for ungdom. Mellom anna kor, der eg sjølv gjekk.

 – Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Eg trur det må vera 17. mai. Når me startar på skulen og endar opp utanfor SOS her. Det er det kjekkaste minnet, fordi då samlast alle, me går i tog og heiar på kvarandre, og det skaper eit fint samhald.

 – Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

 – Då vil eg seia barnekoret i Sveio og kordirigenten Tiril, som framleis held fram etter at Ingrid gjekk bort. Det vil eg gjerne skryta litt av.

Powered by Labrador CMS