nyhende
— Eg blir rørt
Fartein Valen-Sendestad vart overraska med ein stor vedstabel då han nyleg kom til Valenheimen. Den hadde sveibuar fiksa uoppfordra. — Det viser at Valenheimen er ein del av lokalsamfunnet når folk gjer slikt, seier han.
Det hadde vore ein tung dag i forvegen for Fartein Valen-Sendestad. Som ein ivrig syklist brukar han sykkelen så mykje som mogeleg, men ein onsdag i april gjekk det ikkje vegen.
Eit vondt fall gjorde at han måtte halta seg fram til føredraget han skulle halda.
— Litt seinare på dagen vart sykkelen min stolen. Den har eg hatt i ti år, seier Valen-Sendestad.
Uoppfordra dugnad
Men, lukka snudde då han drog nordover mot Sveio. Som eigar av Valenheimen og nær slektning av komponisten tek han oppgåva si på alvor, og tek ofte turen frå Sandnes. Då han kom fram denne gongen vart han varm om hjartet.
— Det sto ei gedigen bjørk ned mot vegen som me har snakka om å fella. Då eg kom fram, fann eg stabelen, seier Valen-Sendestad.
Bak eit hjørne sto det nemleg klart ein brei og stor vedstabel. Borte var både bjørka og eit anna ustøtt tre.
— Eg blir rørt. Ein slik dugnadsånd har me ikkje i Sandnes, seier han.
Som eigar likar han godt sjølv å ta hendene i bruk, men tida strekk ikkje alltid til for større oppgåver som felling og hogst.
— Dei gjorde det heilt uoppfordra, og hogg og stabla det opp for Valenheimen, sier Valen-Sendestad.
Takksam til dei rundt
Difor har han berre ros å gje lokalbefolkninga, som han beskriv som veldig snill.
— Det viser at Valenheimen er ein del av lokalsamfunnet når folk gjer slik.
Heldigvis fekk han vita kven det var, og har dermed ein stad å retta takksemda.
— Kurt Vika og Brigt Ottar Valen er dei to som har hogd og stabla all veden, seier Valen-Sendestad.
Arbeidet vart gjort i påska, og Valen-Sendestad fortel at fleire var involvert.
— Jostein Valen kom med traktor og vedkløyvar til Kurt og Brigt, seier han.
Følgjer med og passar på
Valen-Sendestad trekker også fram Ruth og John Martin Eidsvåg, eit ektepar nokre hundre meter unna. Og ikkje minst nabo Upul Kuladeeptha Kaluarachchige, som bur rett oppi vegen.
— Eg må nemna dei også. Dei følgjer med og passar på, seier Valen-Sendestad.
No kan Valenheimen truleg fyra godt og varmt gjennom dei neste vintrane.
— No har me ved til minst tre år trur eg, seier Valen-Sendestad.
For ein mann råka av ulukke var det ei ekstra flott oppleving å koma til Valenheimen denne gongen.