nyhende

– Eg blei overvelda, det var veldig flott

Søndag 9. februar blei Eirik Aadland Tappel (50) innsett som sokneprest i Sveio. Dei mange frammøte i kyrkja tok godt i mot den nye soknepresten. Han gler seg til å ta fatt i den nye stillinga.

Publisert Sist oppdatert

Med tonerik orgelbrus frå kantor Leiv Rossehaug starta gudstenesta i Sveio kyrkje. Ei gudsteneste som var ein merkedag for både Sveio, kyrkjelyden, prost og prest.

Vikarprest Roald Dønen takka for seg og inn trer sokneprest Eirik Aadland Tappel i fast stilling. Innsettinga var tidlegare prest i Sveio, Arild Steinsland, sitt aller første offisielle oppdrag som prost i Sunnhordland prosti.

På heimebane

– Det er ekstra stas at mitt første offisielle oppdrag er her i Sveio hos min heimekyrkjelyd, sa Steinsland før gudstenesta tok til.

Under innsettinga av sokneprest Tappel løfta Steinsland fram kor sterkt frivilligheita stod i Sveio «midt i leio». For sjølv om den nye soknepresten bur på Stord, rekna prosten med at no heiar Tappel på Sveio I.L., er interessert i drill, tykkjer Sveio soknehus er det flottaste soknehuset, og at han les Vestavind kvar torsdag.

Spøk til side meinte Steinsland at både Sveio og Tappel har mykje godt i vente, og han ønska soknepresten lykke til.

Kyrkjekaffi

Hildur Larsen og Torhild Matre var i Soknehuset og gjorde dei siste førebuingane til kyrkjekaffien etter gudstenesta. Saman med Karen Larsen og Randi Harkestad sørga dei for å få ordna kaker, koka kaffi og for rydding og vasking etterpå. Dei hadde begge godt å seia om den nye presten i Sveio.

– Eg er veldig glad for den nye presten, sa Larsen.

– Førsteinntrykket er veldig godt, supplerte Matre.

Doktorgrad i frivilligheit

Eirik Aadland Tappel har 22 års erfaring som prest, og har hatt ei lita stilling i Sveio sidan 2018. Søndag blei han innsett som sokneprest og ser fram til å ha fullt fokus på Sveio frå no av. Dei siste åra har han arbeida med ei doktorgrad i frivilligheit som han håpar å levera i vår. Tappel lar seg imponera av sveibuen.

– Eg blei overvelda, det var veldig flott. Eg fekk mange gode ord og helsingar og vil retta ei stor takk til alle som kom i finvêret og stod på for å gje meg ein slik varm velkomst. Eg gleder meg til å ta fatt i Sveio, seier Tappel.

Powered by Labrador CMS