nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås

E39 var stengt i begge retningar etter utforkøyring

Klokka 18.32 melder politiet om eit trafikkuhell i nærleiken av Hanabrekko i Førde. Det har danna seg lange køar på begge sider av ulykkesstaden.

Publisert Sist oppdatert

SISTE 20.04: Politiet er ferdige på staden. Vegen er opna igjen, og bilen blir taua vekk seinare i kveld. Patruljen opprettar sak, opplyser operasjonsleiar Helene Strand ved Sør-Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 18.30.

Ein bil med har køyrt ut av vegen og hamna i ei grøft. E39 er stengt i begge retningar fram til ambulanse er på staden. Uvisst skadeomfang og hvor mange som eventuelt er skadd. Nødetatene er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Strand.

19.18 oppdaterer politiet med at personane i bilen blir tilsett av helsepersonell. Uvisst om nokon av dei er skadde.

19.23. To av tre personar i bilen blir frakta til sjukehus eller legevakt for sjekk. Vegen er opna i eit køyrefelt, opplyser Strand.

Statens vegvesen si teneste Trafikkflyt viser kødanninga klokka 19.12.

Powered by Labrador CMS