nyhende

Politi

E39: Bil trefte fjellvegg i Sveio

Publisert Sist oppdatert

Klokka 19.15 måndag kveld fekk politiet melding om at ein personbil hadde sklidd av vegen på E39 ved Rødvatnet i Sveio.

— Bilen trefte ein fjellvegg, opplyser vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.

Airbagar i køyretøyet vart utløyst grunna samanstøyten, men det gjekk bra med alle i bilen.

— Det var tilfeldigvis ein lege i bilen, og vedkommande kunne raskt konstatere at det ikkje var personskadar, opplyser Tornes.

Etter dialog med legen rykte ikkje naudetatar ut til staden, men det vart rekvirert bilberging.

Powered by Labrador CMS