nyhende
E-sigarettar med nikotin snart lovleg
No samlar motstandarar og brukarorganisasjonar seg til kamp om dampen. Sal av nikotinhaldige e-sigarettprodukt blir snart lovleg på grunn av EØS-avtalen, men det kan bli forbode med smakstilsetting.
– Sjå på oss! Eg trur ikkje dei unge tykkjer vi er kule førebilete, tvert om, seier talsperson og styremedlem Frank Tinmannsvik til Nynorsk pressekontor.
Han viser til norsk forsking på ungdom sine haldningar til e-sigarettar og utanlandske erfaringar. Desse viser at lovleg tilgang ikkje rekrutterer folk som ikkje har brukt nikotin i tobakksform frå før. Dette gjeld også e-sigarettar med smak av frukt, bær, cola eller ulike søtsaker.
– Tusenvis har klart å slutta med tobakk etter å ha oppdaga gledene ved damping, som mellom anna handlar om smaksvariasjon. Når all forsking viser at helseskaderisikoen blir dramatisk redusert, må vi tru politikarar og helsestyresmaktene i Noreg følgjer dei britiske. Der tilrår helsestyresmaktene no at legar oppmodar folk til å byta ut tobakk med e-sigarett, seier Tinmannsvik.
Han er redd politikarane vil bli skremde til å forby smakstilsetting, setja høge avgifter og generelt gjera e-sigarettar mindre attraktive som hjelpemiddel ved røykeslutt.
– Både politikarar og folk flest vart skremde av store medieoppslag frå USA i fjor, der ungdom både vart skadde og døydde. Men media underslo at dette ikkje handla om vanleg damping, men om at ungdom hadde brukt ulovleg cannabisolje.
– Kan skape nye nikotinbrukarar
Liv Grøtvedt, leiar for avdeling for helse og ulikskap i Folkehelseinstituttet, er bekymra for at ei oppmjuking av reglane skal føre til fleire nye og unge nikotinbrukarar.
– Når røyking sakte, men sikkert, ebbar ut, og snusbruken endeleg ser ut til å flate noko ut – kvifor skal vi då eksponera heile befolkninga for nye nikotinprodukt som e-sigarettar? spør ho, mellom anna i ein artikkel i Tidskrift for Den norske legeforening.
– Dei som treng hjelp til røykeslutt, kan allereie i dag bruka snus eller nikotinlegemiddel med eller utan resept. Eg fryktar at fleire nikotinhaldige produkt lett tilgjengeleg kan skapa nye grupper av nikotinbrukarar, seier ho.
Grøtvedt viser til finsk forsking, og erfaringar frå USA.
– Erfaringen er at nye nikotinprodukt blir populært, også mellom unge som ikkje har røykt. I denne samanhengen bør ein også ha et spesielt fokus på kvinner i fruktbar alder og gravide, seier ho.
Avdelingsleiaren trur slaget i Stortinget kjem til stå om kor strengt salet skal regulerast, og om det blir lov å selja dampevæske som etterliknar smaken av til dømes bær, cola eller kjende sukkerprodukt.
– Ei høgare aldersgrense enn 18 år kan vera aktuelt, som ein god signaleffekt. Ein bør også forby smakar som minner om godteri, for å gjera e-sigaretten mindre tiltrekkjande for unge, seier ho.
Fleire klemmar og glade legar
Damparane fortel på si side om betre helse og eit nytt liv, og at dei har funne mykje av same nytinga og kosen i eit alternativ – som for dei fleste også er mykje billegare enn røyk.
– Eg er i betre form, og helsa er jo det viktigaste. Men eg luktar også betre og får fleire klemmar, seier Frank Tinmannsvik.
Dei andre «dampegubbane» stadfestar også store sosiale fordeler.
– Som røykar skjemmest ein ofte, ein er van med å bli sett ned på eller få kjeft og fordømming. Men til og med på kreftavdelinga gav legane meg eit smil og tommel opp då eg ville dampa, seier Jørn Gisle Kleveland Lerstad, som hadde prøvd både medisinar, snus, tyggegummi og det meste før han endeleg lukkast med røykeslutten.
– Eg tykkjer så synd på dei som sit og frys utanfor sjukehusa, gjerne i rullestolar og med intravenøsstativa tilkopla, fordi dei berre må få i seg ein sigarett eller to, seier han.
Støtte frå uventa hald
Damparane får også støtte frå uventa hald. På Folkehelseinstituttet er det nemleg fleire syn på saka. Seniorforskar Karl Erik Lund på Avdeling for rusmiddel og tobakk meiner mange fagmiljø og politikarar er for kritiske til e-sigarettar og damping.
– Folk er feilinformerte, og til dels offer for propaganda og underslag av vitskaplege fakta. Helsestyresmaktene bør uansett innsjå at damping og e-sigarettar er ein livreddande veg ut av tobakksvanen, også for dei 75 prosenta som til no ikkje vil – eller har klart – å nytta andre tobakksfrie hjelpemiddel, seier han.
– Kva med argumentet om at damping kan lokka ungdom inn i nikotinavhengigheit?
– I Noreg er det nesten berre folk med røykeerfaring som brukar e-sigarettar, og snittalderen er 45 år. Sjølv om det har vore tendensar til at damping vart ungdomsmote i USA, ser ein ikkje dette i til dømes England. Der rår helsestyresmaktene no folk til å byta ut røyk mot damp, seier han.
Lund viser til ei doktoravhandling frå Universitetet i Oslo i fjor som undersøkte e-sigarettbruk og haldningar til dette mellom norske ungdomar.
– Unge som har eksperimentert med damping, gjer det gjerne berre ein kort periode, og oftast utan at dampen er tilsett nikotin. Blant eldre ungdom blir det gjerne sett på som litt «barnsleg», og forskaren fann ikkje noko som signaliserer at damping er eller vil bli ein stor ungdomstrend i Noreg, seier han.
(©NPK)