nyhende

Guro Ranes i Statens vegvesen oppfordrar alle som køyrer MC, sykkel eller elsparkesykkel til å bruka hjelm, og MC-førarar til å bruka tryggleiksklede i tillegg. Dette kan redda liv i trafikken. Foto: Henriette Erken Busterud
Guro Ranes i Statens vegvesen oppfordrar alle som køyrer MC, sykkel eller elsparkesykkel til å bruka hjelm, og MC-førarar til å bruka tryggleiksklede i tillegg. Dette kan redda liv i trafikken.

Dyster juni: 17 drepne i trafikken

Over halvparten av dei 17 personane som døydde i trafikken var ubeskytta trafikanter, viser Statens vegvesen sine foreløpige ulykkestall.

Publisert Sist oppdatert

Ti ubeskytta trafikantar, som ikkje har eit beskyttande karosseri, bilbelte eller kollisjonsputer rundt seg, omkom i årets første sommarmåned. Av desse var det flest som døydde på MC og sykkel, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

– Altfor mange dødsfall

− Det har vore altfor mange dødsfall i trafikken i juni, og spesielt mange ubeskytta trafikanter har omkome. Syklistar, elsparkesyklistar og MC-førere har høg risiko for å hamna i alvorlege trafikkulykker, og det er fleire av dei ute på vegane no om sommaren. Eg ber difor alle bilistar om å vera merksame og visa omsyn til denne sårbare gruppa, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen

Hun oppfordrar samstundes alle som køyrer MC, sykkel eller elsparkesykkel om å bruka hjelm, og MC-førarar til å bruka tryggleiksklede i tillegg. Hjelm og gode klede kan vera med på å redda liv.

MC, sykkel, elsparkesykkel og ATV

Det var fem som døydde på MC og tre på sykkel i juni, i tillegg omkom ein på elsparkesykkel og ein på ATV.

Det er stadig færre som omkjem i personbil. I juni var det berre seks av dei drepte som omkom bak rattet på en bil. Berre ein av de døde i juni var kvinne, resten var menn.

50 omkom i første halvår

50 ble drepne i trafikken første halvår i år. 21 av desse var ubeskytta trafikantar som MC-førarar, syklistar, elsparkesyklistar, førarar av ATV og fotgjengarar. Deu resterende var i all hovudsak omkomne i personbil, tungbil, buss, og ein på traktor.

Det er møteulykker og utforkøyringsulykker som dominerer på ulykkesstatistikken det første halvåret. Flest omkom i Innlandet, fem i Vestland og ingen er så langt drept på vegane i Finnmark.

Ingen barn omkom i trafikken i første halvår i år.

Powered by Labrador CMS