nyhende
Dyrtida endrar sports- og friluftsinnkjøpa våre
Økonomisk uvisse og auka miljømedvit endrar forholdet nordmenn har til sportsutstyr. Fleire vel no å låne eller reparere framfor å kjøpe nytt.
– Vi ser ei klar utvikling i reparasjonstenester, spesielt for syklar. Dette kjem av fleire faktorar, inkludert dyrtida som gjer at folk vil ta betre vare på tinga sine. Vi har selt over ein halv million elsyklar, som krev meir avansert vedlikehald. Fleire aktørar jobbar no målretta for å legge til rette for reparasjonar, også av tekstilar.
Det seier Trond Evald Hansen, administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening til Nynorsk pressekontor. Han fortel om ein bransje i endring.
I fjor stod sportskjedene for 49 prosent av totalmarknaden på sal av sports- og friluftsutstyr.
– Fram til 2019 såg vi ein jamn, fin vekst på rundt fem prosent årleg. Under pandemien opplevde vi ein ekstrem auke. I 2021 blei det selt meir sportsutstyr enn nokon gong, sjølv om vi hadde mangel på enkelte produkt, seier Trond Evald Hansen.
Skinedgang
I 2022 kom det derimot ein nedgang i salet på 6 prosent og etter pandemien sleit fleire sportsbutikkar med store varelager og dårleg likviditet. Dette førte til omfattande tilbodssal, men få tente pengar. I fjor gjekk omsetnaden til sportskjedene ned med 4,4 prosent. Særleg har det vore lite etterspurnad etter syklar og nordiske ski.
– I eit dårleg år sel vi rundt 200.000 skipar, mot 330.000 i eit normalt år. For syklar har vi gått frå 380.000 selde syklar i toppåret til 260.000 no. Gjennomsnittet ligg vanlegvis på rundt 350.000. Det einaste segmentet som veks er barnesyklar, seier Hansen.
Samtidig har bruk av reparasjonstenester auka.
Ungdom har lånemedvit
Medan sportskjedene har nedgang i sal, aukar populariteten hos utlånstenester som BUA (Barn-Unge-Aktivitet), ei nasjonal, ideell stifting som gjer det lettare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar – utan å auke forbruket. BUA låner ut sports- og friluftsutstyr gratis.
– Då BUA starta i 2014, vart det sett på som eit tilbod for dei som ikkje hadde råd. No handlar det om deling for alle, noko som er i tråd med samfunnsutviklinga og er betre for både miljøet og lommeboka, seier dagleg leiar John Harald Bondevik.
Han merkar at medvitet er særleg stort blant ungdom, men at det spreier seg oppover i aldersgruppene òg.
– Sjølv om dyrtida kan spele ei rolle, handlar det om meir enn berre økonomiske omsyn. Det er framleis ofte dyrare å reparere enn å kjøpe nytt, men mange vel likevel å reparere av miljøomsyn.
Heller lån enn kjøp
At sportsbutikkane har nedgang i salet, kan også ha samanheng med at fleire låner frå BUA eller kjøper og sel brukt utstyr seg i mellom. Dette gjeld særleg småbarnsforeldre.
– Før pandemien hadde BUA markant auke i utlån. Dette handlar om tilgang. Det har vorte fleire avdelingar, frå åtte det første året til 275 avdelingar no. Tilbodet har vorte større, men det har også skjedd ei haldningsendring blant folk. Fleire vil heller låne enn kjøpe. Dei siste tolv månadene har BUA lånt ut 800.000 einingar med utstyr, fortel Bondevik.
Det mest populære utstyret folk vil låne er langrenn- og alpinutstyr. I vinter- og påskeferien blir det ofte tomt for slikt utstyr. Elles i året er det mest etterspurnad etter utstyr som telt, SUP-brett, liggjeunderlag og hengekøyer.
– Folk ønskjer ikkje å eige så mykje lenger. Opplevinga er viktigare enn å ha utstyret sjølv, seier John Harald Bondevik.