nyhende

Dyrare bøter ei vond overrasking for mange

Då satsane steig 1. februar hadde både Politidirektoratet og UP-leiinga nasjonalt rådd i mot. Lokal UP-betent Idar Helland ser problemet med eigne auge. — Det er veldig få som veit kor mykje det har stige, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Nye satsar frå 1. februar

Bruk av mobiltelefon: 9.700 kroner og tre prikkar

Fartsgrense 60 km/t eller lågare, og fartsoverskridinga er

  • til og med 5 km/t: 1.100 kroner
  • til og med 10 km/t: 3.000 kroner
  • til og med 15 km/t: 5.400 kroner og to prikkar
  • til og med 20 km/t: 7.800 kroner og tre prikkar
  • til og med 25 km/t: 12.100 kroner og tre prikkar

Fartsgrense 70 km/t eller høgare, og fartsoverskridinga er

  • til og med 5 km/t: 1.100 kroner
  • til og med 10 km/t: 3.000 kroner
  • til og med 15 km/t: 4.800 kroner
  • til og med 20 km/t: 6.700 kroner og to prikkar
  • til og med 25 km/t: 9.100 kroner og tre prikkar
  • til og med 30 km/t: 12.100 kroner og tre prikkar
  • til og med 35 km/t: 14.500 kroner  og tre prikkar

Fartsgrense på motorveg med 90 km/t eller høgare, og fartsoverskridinga er

  • 36 km/t til og med 40 km/t: 15.100 kroner og tre prikkar

Ein sjåfør som får 8 eller fleire prikkar i løpet av tre år, mistar førarkortet i seks månadar.
Kvar prikk varar i tre år.

Utrykkingspolitiet har nettopp kome fram til Haukås. Berre minutt etterpå stoppar dei det første kjøretøyet, eit vogntog som køyrde 69 kilometer i timen i 60-sona.

UP-betent Idar Helland snakkar i ei kort stund med sjåføren, som erkjenner feilen og vedtek førelegget. Ein ting er sikkert, bota vart markant dyrare enn for berre to månadar sidan.

Imot dyrare bøter

— Eg ser fleire problem med den nye auken. Det har ikkje ein straffande eller førebyggande effekt viss folk ikkje veit om den, seier Helland.

1. februar i år auka alle botsatsane i Vegtrafikkloven.

— Det har stige 30 prosent på alt, seier Helland.

Saka var både oppe i media og til diskusjon på Stortinget, som seinare vedtok auken.

— Det var på NRK Debatten, og då får naturlegvis mange med seg at det har gått opp noko, men ikkje kor mykje, seier han.

Helland understrekar at han uttalar si personlege meining. Samstundes viser han til høringssvara frå både Politidirektoratet og den nasjonale sjefen for Utrykkingspolitiet. Dei var begge negative til å auka botsatsar.

Eit informasjonsproblem

Media og omtale var med å gjere mange bevisste på at det kom ein auke, men Helland sakna at informasjonen vart distribuert frå ein sentral stad.

— Kanskje politiet kunne ha vore flinkare til å informera, til dømes ein mediekampanje om auken satsar frå ein viss dato, seier han.

Hensikta bak auken i bøter var at det skal straffa seg å køyra for fort eller på ulovleg vis. Helland skulle ynskja ein kom opp med ein annleis måte å auka straffa.

Bruka prikkar i staden

— Kva skal ein gjera for å auka straff, om ein ikkje gjer det dyrare?

— Ein kan auka talet på prikkar ein får for kvart lovbrot, og auka levetida til kvar prikk ein sjåfør får, svarar han.

Då vil ein oppnå ynskja effekt med auka straff meiner han, berre utan å ramma nokon så hardt økonomisk.

Kvar prikk varar i dag i tre år. Får ein sjåfør åtte eller fleire i løpet av tre år, så mistar ein førarkortet i seks månadar.

Tar mange

Utfordringa med dei nye satsane vert ekstra synlege for UP når dei står på Haukås.

— Her vert det jamt køyrt for fort. Eg har aldri opplevd at me ikkje har stoppa nokon her, enten om det er dagtid eller natt til julaftan, seier Helland.

Strekninga er ein av dei mest kontrollerte i Sunnhordland og på Haugalandet. Difor trur han at mange bilistar ikkje er overraska over å verta stoppa, men kor dyr bota vert.

Powered by Labrador CMS