nyhende
Dukkar opp fleire stader
Nyleg skreiv Grannar om funn av stillehavsøsters i Vatsfjorden. Nå er den svartelista arten også blitt registrert fleire stader i Ålfjorden.
— Eg har vore på ein liten rundtur i Ålfjorden og kan stadfesta at stillehavsøsters dessverre har etablert seg i rikt monn, seier Jon Magne Svendsbøe frå Vikebygd.
Dei største koloniane har han funne i Svendsbøvågen der han sjølv bur. Her er det snakk om store mengder som har fått etablert seg over tid.
— Dei har vore her i rundt fem år og her det sikkert hundrevis. Dei har vakse seg store. Eg har prøvd å ta dei vekk, men nå har eg gitt opp. Det er trist at dei spreier seg, seier han.
Også i Haraldseidvågen, Trovåg og ved Skjeljavika badeplass har han sett østersen, men her det snakk om berre nokre få individ.
— Her såg eg ikkje så mange, men dei kjem nok for fullt dersom dei ikkje blir fjerna, seier han.
Vanskeleg å fjerna
Ein del av østersane ligg på grunt vatn og kan fjernast. Andre har slått seg ned på 3 til 4 meters djup og kan vera vanskeleg å få tak i.
— Eg plukkar dei der eg kan vassa, men elles må ein dykka, seier han.
Skalet på stillehavsøstersen er tjukt og det krevst eit skikkeleg verktøy for å få knusa dei.
— Ein må nesten bruka hammar, seier Svendsbøe.
Havforskingsinstituttet ber folk registrera funn av stillehavsøsters. Det kan gjerast på nettsida Dugnad for havet. Her blir funna undersøkt av forskarar som bekreftar observasjonane.
— Eg har registrert alle fire stadene og det er blitt verifisert, seier Svendsbøe.
Lite freistande som mat
Også Gudvin Skogen frå Vikebygd har oppdaga store mengder østers i Ålfjorden. Under ein svømmetur nær Sveio fann dei knivskarpe skjela på ei grunne og plukka nokre eksemplar med seg i håp om å laga seg eit godt måltid mat. Det skulle visa seg å bli ein nedtur.
— Dei var ikkje gode å eta, konstaterer Skogen som aldri meir kjem til å prøve seg med stillehavøsters på menyen.
I følgje Mattilsynet er stillehavsøsters ein attraktiv matressurs men det er generelt ikkje tilrådd at ein et sjølvplukka skjel som ikkje er testa for algegifter, bakteriar og virus, og miljøgifter.
Store skjel
Østersane låg så tett at Skogen lett kunne fylle ei bøtte på få minutt, og enkelte av skjela var svært store og tunge.
— Det største var rundt 600 gram, seier Skogen og trur arten er komne for å bli.
— Den er nok godt etablert, seier han.