nyhende

Bildet er tatt ved Vigdarvatnet laurdag. Då var isen ikkje trygg.

Du må sjølv sjekka om isen er tjukk nok

Isen har lagt seg på mange vatn, og det freistar å finna fram skøyter og ta seg ein tur. Då er det viktig å hugsa at i Sveio skjer all ferdsel på is på eige ansvar.

Publisert Sist oppdatert
I enkelte kommunar er det kommunen som sjekkar om isen er trygg på utvalde vatn. Slik er det ikkje i Sveio.
Sveio kommune gir ikkje garantiar eller løyve til å ferdast på is, verken generelt eller på spesifikk stader. Sikkerheita og å sjekka isen må du sjølv ta ansvar for, skriv Sveio kommune på si nettside.

15 cm eller meir

Så har du tenkt deg utpå isen, er det lurt å ha med øks eller isbor og sjekkar kor tjukk isen er. Is vil ofte ha ulik tjukkleik på ulike stadar. Det kan vera på grunn av straum eller ved til dømes utløp av bekkar og elver.

Å gi konkrete råd om kor tjukk isen må vera, er ikkje lett fordi det er fleire ting som spelar inn på bereevna (sjå under). I Haugesund kommune må isen vera 15 cm eller meir på kontrollpunkta før Usikker is-skilta blir fjerna.

Ulike typar is og bereevne

Is kan vera sett saman av fleire lag, og desse vil ha ulik bereevne. Stålis er sterkare enn sørpeis, og det er ulike kvalitetar på sørpeisen.

Stålis kan bera eit menneske heilt ned til 5 cm og den ber godt på 7 cm. Er det ei gruppe må isen imidlertid vera tjukkkare, eller ein må ha god avstand. Er ein på is i grenseland med tjukkleiken, kan faktisk dei fremste svekka stålisen så mykje at ein etterfølgande person år gjennom.

Sørpeis

Sørpeis kan ha kvalitet som er nær stålis, men var det mykje snø og lite vatn ved innfrysing blir kvaliteten dårleg. Kvit is er derfor svakast, mens mørkare eller klar sørpeis er best.

Er ikke sørpeisen fastfrosen til stålisen, må ein rekna det som to separate lag (lagdelt is). Bereevnen til lagdelt is blir rekna som bereevnen til det sterkaste laget. Du må altså ikkje legga saman tjukkleiken på dei ulike laga.

Ofte er det lagdelt is på vatn og innsjøar, og det er ikke farleg å gå på ski på eit tynt overislag dersom du veit det er eit tjukt stålislag under sørpa. Du blir i verste fall våt på føtene. Men igjen, du er sjølv ansvarleg for å sjekka kor tjukk isen er.

Nyttig informasjon

Varmsom.no er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si teneste. Her finn du nyttig informasjon både i tekst og på video på nettsida om is.

Isvettreglar frå Norges Livredningsselskap

  • Ha respekt for isen.
  • Ikkje gå ut på is utan at du kan svømma.
  • Hugs å ha skikkeleg og tilstrekkeleg tryggleiksutstyr – spesielt ispiggar –  lett tilgjenleg.
  • Gå fleire i følge. Er de mange, gå litt spreidd.
  • Hald deg på sikker is.
  • Ver spesielt merksam på snødekt is og årtidsendringar.
  • Bruk alle sansane, lytt etter lydar i isen.
  • Om du går gjennom isen, pust roleg, ikkje få panikk.
  • Om andre går gjennom isen, hald avstand.

Iskulen gir god og omfattande informasjon. Sjølv dei som kan ein del om is vil truleg finna nyttig informasjon her.

Andre nyttige lenker er

Varmare, så kaldt igjen

Måndag ser ut til vera siste dagen med mange kuldegrader på ei stund. Allereie i morgon tysdag kan det bli ein plussgrad eller to i Sveio. På langtidsmeldinga vil gradestokken halda seg på den blå sida onsdag, før det frå torsdag blir «mildvêr» fram til og med søndag, med regn innimellom.

Frå måndag 15. januar meldes det minusgrader døgnet rundt igjen. Det skal bli stadig kaldare utover neste veke, og me kan få snø.

Denne type svingningar i vêret påverkar også isen, så det er lurt å sjekka tjukkleik og bereevne på nytt etter periodar med mildare vêr.

Powered by Labrador CMS